Besteforeldre i klimatog til Paris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg sa 69 år, men eg er eigentleg ein ekte 68-ar, smilar Linda Rundquist Parr.

Ein tynn finger peiker på talet på blokka som ligg på bordet.  

LES OGSÅ: Denne vinteren står framtida på spel

Frå miljø til klima-kamp
Bestemora hugsar godt demonstrasjonane mot Vietnam-krigen under studietida i Seattle.

Sidan den gong har amerikanaren gjort nordmann av seg og hatt ein karriere som realfagslærar i skuleverket.

For Linda har miljø vore ei viktig sak heile vegen, både som aktivt medlem i Framtiden i våre hender og lokalpolitikar for SV i Nittedal.

–  Me kalla det miljø, lenge, lenge, men no er det nesten berre klima, fordi det er så påtrengande å få nokre løysingar på det, seier 69-åringen alvorleg.

Ho har ikkje lagt engasjementet på hylla sjølv om ho no er pensjonist og bestemor.

LES OGSÅ: Ein illusjon at vi ka halde fram som før

Rullar ut
Dei to klimaengasjerte besteforeldra har sjølvsagt teke tog inn til stasjonen på Oslo S, når Framtida.no møter dei.

– No har det vorte så vanskeleg å parkera i Oslo. Det er slike tiltak som må til, seier Linda på veg opp rulletrappa.

I sekken har ho ein raud bøttehatt med «Besteforeldrenes klimaaksjon» på.

Den må med når klimatoget rullar ut i retning Paris 3. desember.

Det heile starta med at Finn Bjørnar Lund kontakta NSB med spørsmål om ein ikkje kunne gjera det enklare å ta tog i Norden. Denne kontakten gjorde terskelen låg for å spørja om meir samarbeid.

Snart skal Linda Rundquist Parr, som er leiar i Besteforelderens klimaaksjon i Oslo og omegn, og sentralstyremedlem Finn Bjørnar Lund, ut på ein togtur utanom det vanlege.

Saman med om lag 30 andre besteforeldre – i tillegg til fleire unge aktivistar og Framtida.no – reiser dei til Paris for å tala saka til framtidige generasjonar før klimatoppmøtet.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Viktige besteforeldre
Overveldande skrekkscenario om varmare temperaturar, meir ekstremvêr, dårlegare mattryggleik og krig og flukt som følgje av dette er det nok av. Desse besteforeldra vil heller presentere positive alternativ. Det gode samfunnet.

At stadig fleire anerkjenner at klimaendringane er eit alvorleg problem som krev handling, gjev besteforeldra mot til å sloss vidare.

Kva kan de besteforeldre bidra med i klimadebatten?

– Eg trur det er ei veldig sterk stemme fordi det er viktig å både symbolsk og praktisk synleggjera det ansvaret me har for dei som kjem etter oss. Den dimensjonen vert tydlegast når ein tek generasjonsperspektivet, seier Finn Bjørnar, før Linda skyt inn:

– Det er heilt klart at det er me som har stelt i stand det samfunnet me har. Me ser at det på mange område ikkje er det samfunnet me vil ha. Me meiner at dette er eit etisk spørsmål, og at me har faktisk eit ansvar for å gjera noko med det.

Ho meiner at løysinga ligg i å endra det økonomiske systemet og jamne ut forskjellane i samfunnet.

Linda får støtte av Finn Bjørnar, som tek tak i det han meiner er elefanten i det norske debattrommet.

– Det er skuffande å sjå at den politiske leiinga trur at det framleis skal vere olje og gass me skal leva av. Det er ei næring som bidreg til forskjellar med ein økonomi som skapar spesielle lønnsforhold. Det vert ein eigen maktfaktor, som me ser så godt når oljelobbyen er ei av dei sterkaste gruppene som reiser til Paris.

Og at me ikkje kunne hatt ein velferdsstat utan olje vil han ikkje ha noko av – sjå berre på Sverige og Danmark.  

Linda Rundquist Parr og Finn Bjørnar Lund i Besteforeldrenes klimaaksjon klar for klimatog til Paris

LES OGSÅ: Bjartnes: – Noreg gamblar på at klimapolitikken skal feile

Grøne jobbar
Finn Bjørnar saknar ein konkret plan frå regjeringa om korleis me kan trappa ned oljeverksemda, samstundes som me trappar opp alternativ energi.

Klimavenlege hus, kollektivutbygging, forsking og innovasjon vert nemnt som område der ein kan henta grøne jobbar.

Finn Bjørnar ser for seg jobbar i produksjon av fornybar energi, som jordvarme, vindmøller og solceller. Han tykkjer ikkje at argumentet om at det ikkje er nok arbeidsplassar held vatn.

– I Tyskland hadde ein alt i 2013 400.000 arbeidsplassar knytta til særleg sol og vind. I Noreg er det tallause moglegheiter, fordi me har eit så rikt land å ta av med havet og sola. Solenergi er eit godt verkemiddel òg i Noreg, slår han fast.

LES OGSÅ: Elevar på yrkesfag satsar på det grøne skiftet

Den grøne greina
Ingen kan skulda desse besteforeldra for å setja seg godt tilbake i stolen å ete fyrstekake medan utsleppa og temperaturane stig.

Og sjølv med profetiar om høgare temperaturar og meir ustabilitet verda over er det optimisme å spora.

Linda trur barnebarna hennar vil få ein vel så triveleg og gjevande kvardag, sjølv om det kan innebera mindre forbruk og reising.

– I alle fall mindre flyreiser, får me håpa, skyt finn Bjørnar inn.

Den pensjonerte byråkraten tykkjer det er meiningsfullt å tenkja på kva han overleverer til etterslekta.

– Det har nok litt slektskap med bondesamfunnet sin tradisjon med at ein skal overlata garden i betre stand enn du fekk han sjølv. Medan me er i ferd med å overlata heile kloden i verre stand. Me har heile tida hatt den grøne grein å sitja på,  seier 75-åringen, som opphavleg kjem frå eit lite småbruk i Nordreisa i Nord-Troms.

Han tenkjer ikkje berre på barnebarna, men òg oldebarna – sjølv om dei ikkje er fødd enno.

LES OGSÅ:Kisilu kjenner klimaendringane på kroppen

Avgrensa optimisme
Neste veke skal altså dei raude bøttehattane med logo på skal laga liv og røre heilt frå Oslo til Paris.

Så kva forventningar har ein engasjert gjeng med besteforeldre til kva løysingar som kan koma når verdas leiarar samlast igjen?

– Avgrensa optimisme, skildrar Linda det som, og forklarar:

– Eg har skjønt at ein kan rekna med at det blir ein avtale, men med ein del avgrensingar. Ikkje vert det juridisk bindande på alle område, men det ein kan håpa på er at det vert ein solid plattform der dei aller fleste land har lova å kutta i sine utslepp og forpliktar seg til å rapportere med jamne mellomrom.

Besteforeldrenes klimaaksjon har fått ei grundig innføring i kva som står på spel i Paris frå Arvid Solheim, som er med i den norske delegasjonen til COP21.

– Det blir eit startskot, noko å jobba vidare på. Men det blir ikkje godt nok, seier Linda, som får støtte av sin reisepartner.

– Det blir all grunn til å ta saka vidare. Me vert ikkje overflødiggjort i kampen for klima i framtida, seier Finn Bjørnar, som er budd på ein del skuffelsar.

Faktaboks

Besteforeldrenes klimaaksjon starta i 2006, med det Framtiden i våre hender-støtta nettverket «Besteforeldre for en ansvarlig klimapolitikk»

Besteforeldrenes klimaaksjon er partipolitisk nøytral

Leiar er Halfdan Wiik, pensjonert høgskulebibliotekar

 

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.