mm
Faktaboks

Onsdag denne veka var 60 elektro- og ikt-elevar ved Stord vidaregåande skule på innovasjonscamp for å jobba fram framtidas energi- og klimaløysingar.

Innovasjonscampen blei arrangert av Ungt Entreprenørskap Sunnhordland og Atheno.

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei fire elevane på elektro og ikt ved Stord vidaregåande gjekk sigrande ut av innovasjonscampen til Ungt Entreprenørskap Sunnhordland på Stord onsdag.

LES OGSÅ: Elevar på yrkesfag satsar på det grøne skiftet

Ingeniørskryt
60 elevar jobba saman i grupper for å sjå korleis ein kan få bustadmarknaden til å spara energi.

Vinnargruppa vann med ei satsing på passiv- og plusshus.

– Me føreslår òg at det blir laga ein app der huseigarane får oversikt over energiforbruket til ei kvar tid, og kan styra det via mobilen, fortel Vetle Grastveit Larsen.

Varaordførar Jakob Bjelland var med i juryen som kåra vinnaren.

– Me har lagt vekt på framføringa og breidda av forståinga av problemet som dei viste.

Sivilingeniøren som jobbar for SKL skryt òg av ideen deira med ein eigen app for å styra straumforbruket.

LES OGSÅ: ­– Shit, dette kjem til å skje

Kristine Volden og Birk Selsvold jobbar med framtidas energiløysingar.

Draumehuset

Ei anna av gruppene utmerkte seg med eit draumehus, som lagar meir energi enn det bruker.

I huset deira blir vatnet varma opp av sola. Når det regnar på taket, blir vatnet brukt til å driva små turbinar. Saman med ei vindmølle på taket blir det laga straum. Energien blir lagra i batteri i kjellaren. Vaskerommet er med på å varma opp dei andre romma.

– Alle romma er utstyrt med dimmarar og rørslesensorar som skrur på lyset når du kjem inn i eit rom, fortel Birk Selsvold

Elevane ved Stord vidaregåande kjem med forslag til korleis bustadmarknaden kan få fleire bustader som bruker mindre energi.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Energikvoter for kvart hus?
Men korleisskal ein få dei som byggjer ut nye bustader til å bruka meir pengar på å byggja energisparande og klimavenlege hus?

– Staten burde setja krav til at kvart hus ikkje får bruka meir straum, seier Birk Selsvold og får støtte frå Kristine Volden.

Ikkje alle elevane er samde i at det bør vera forbod mot å bruka for mykje energi.

– Det burde heller vera mogleg å få statleg støtte til å investera i energisparing, seier Emil Vatna på nabogruppa.

I byar og andre stader der ein byggjer blokker og rekkjehus, så kan det vera meir å henta, meiner han.

Ida Larsen viser fram korleis gruppa hennar vil spara energi i nye hus.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE