Solid vekst for asylgigant

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Selskapet har 1.050 tilsette og husar for tida rundt 12.000 asylsøkjarar. 21 av mottaka selskapet driv er akuttmottak, skriv Dagens Næringsliv. Det er ingen tvil om at dette er ein vekstbransje, i ei tid der tilstrøyminga til landet har auka kraftig.

– Ingen hadde nok føresett den store auken i talet på flyktningar som skulle komme til Noreg i haust. Frå ein normalsituasjon på 11.000 årlege flyktningar til 400 asylsøkjarar per dag. Det har utfordra heile mottaksapparatet på ein heilt ny måte, seier utviklingsdirektør Kjartan Dirdal i Hero Norge.

Og jo fleire asylsøkjarar som bur på Hero-mottak, desto større inntekter får selskapet.

– Vi estimerer at den totale omsetninga i år vil bli på rundt 800 millionar kroner og ein noko betra resultatmargin på opp mot sju prosent, opplyser Dirdal.

I fjor var omsetnaden på 549 millionar kroner, og selskapet fekk eit resultat før skatt på 27,3 millionar. Hero har jobba med asylmottak i snart 30 år. (©NPK)