Solberg: Risikerer å ikkje nå klimaforliket til 2020

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Risikerer å ikkje nå klimaforliket

– Vi har gjort prioriteringar gjennom budsjettåra våre som gjer at vi kan nå måla i klimaforliket. Men fordi fleire av desse satsingane kom for seint i gang, risikerer vi at vi ikkje når det til 2020, men målet er at vi skal klare det, seier Solberg til VG.

LES OGSÅ: – Rike land må ta ansvar både heime og ute i verda

Kjem til å koste
I klimaforliket frå 2008, som alle stortingspartia utanom Framstegspartiet var med på, heiter det at Noreg skal kutte 30 prosent av utsleppa frå 1990-nivået innan 2020. Om lag to tredelar av kutta skal takast innanlands.

I 2014 var utsleppa på 53,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar. For å nå målet må Noreg komme ned på eit maksutslepp på 45,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar dei neste fem åra.

– Vi har no lagt inn eit enormt trykk på investeringar i jernbane, og vi vrir kraftig for å få ned utsleppa på vegane, seier Solberg.

– Dette kostar og kjem til å verke, men det er ikkje gjort på fem år å få på plass alt, særleg innanfor jernbane, seier Solberg.

Les meir om vår klimasatsing: Denne vinteren står framtida på spel

Karbonnøytralt mål
Klimaforliket tar òg sikte på at Noreg skal bli karbonnøytralt innan 2050 – og innan 2030 dersom det kjem på plass ein «global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tar på seg store forpliktingar» (©NPK).