Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

Sundag 15. november, klokka 15:30

Ein svært energisk og livsglad versjon av «Sofaen du sat i» gjallar utover ein tom hovudsal i Den norske opera og ballett i Bjørvika. På scenen står fem menn og elskar det dei driv med. Det er siste innspurt i lydprøvene. Odd Nordstoga og dei glade musikantane hans smiler breitt, tydeleg fornøgde og gira av låta dei nettopp spela. «Sofaen du sat i» skal vera opningsnummeret på kveldens to konsertar. Den fyrste konserten klokka 18 er heilt utselt. Det er nesten den andre klokka 20.30, òg.

Men så. Ei ukjent stemme kjem ut gjennom monitorane. Ho høyrer til bak miksepulten langt der ute i salen.

– Ikkje for å vera kjip altså, men de kan ikkje byrje konserten slik, seier stemma.

Smila på scenen sloknar litt, og dei fem som står der kikkar ut i operasalen. Mot der dei veit stemma sit.

– Det blir for mykje full fres, knall rett på. Bang rett i trynet. Publikum vil føle det som eit overgrep når det byrjar slik, utan å ha varma dei opp, held vedkomande fram.

Eit overgrep. Odd søkk ned på ein monitor. Lyfter mikrofonen til haka, sukkar. Det er tydeleg at han ikkje er klar for å seie seg samd med stemma frå salen, slik heilt utan vidare.

Skal dei prøve ei anna låt, eller tone ned sofaen? Dei prøvar det siste, testar ein gong. Smila er ikkje like breie, men gjennomfører fint. Utan overgrepstendensar.

Ironisk nok går siste del av refrenget på låta slik: «Eg veit tross alt at verre ting enn dette kunne skjedd».

Og det stemmer jo.

– Ja, me får til dette. Køyrer denne lina ut, seier trommeslagar Torstein Lofthus etter å ha senka tempoet.

– Jah, seier Odd på innpust.

– Då bli det sò. Er det noko mat her, eller?

LES OGSÅ: Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

16:00

Mat skal det bli, men visstnok ikkje før om eit kvarters tid. Odd slenger seg ned i stolen i garderoben så lenge. Svarar eit kontant nei på spørsmålet om han er nervøs før kveldens konsertar i det som på klisjéspråket heiter heile Noregs storstove. Konsert er rutine for den erfarne artisten. «Dette landet»-turneen har dessutan vart ei stund alt.

– No har me hatt så mange konsertar at det er som å skru på ei maskin når me går på scenen, seier Odd.

Innimellom songane på konsertane fortel han små anekdotar og kjem med sjølvironiske betraktningar frå scenen. Odd er ein artig og finurleg historieforteljar. Men det er ikkje slik at han finn på nye historier frå konsert til konsert.

– Det er nokre jenter – altså nokre  – som er litt opptekne av meg. Som skriv særoppgåve om meg og slikt. Og dei er gjerne på fleire konsertar. Så skriv dei til meg etterpå at «jaja, du sier det samme hver gang, men jeg ler hver også da».

Han ler litt sjølv. Svingar litt på stolen. Neste spørsmål.

– Sceneantrekk – har de stylist eller noko slikt som bestemmer kva de skal ha på dykk?

Odd peikar på seg sjølv. Det er han som har valt korleis han og bandet går kledd på scenen. Svarte jeans og mørk skjorte på heile gjengen.

– Det er så styr med slik dresspose og slikt. Betre å ha klede som ein berre kan ha i ein krull, seier han.

Akkurat som det musikalske utrykket har endra seg sidan «Luring» i 2004, har sceneantrekket gjort det same. Han har «Luring»-sixpencen heime framleis, men brukar verken den eller vest på scenen lengre. Ville følt seg utkledd. Så no er det svart bukse, svart skjorte som gjeld. Sceneantrekket skal på no etter mat.

– Det er lurt å ha tronge skjorter, slik slimfit, slik at skrukkene i skjorta rettar seg ut på kroppen, tipsar Odd.

Og når me fyrst er inne på skjorter, har han ei orsaking han gjerne vil koma med i lokalavisa.

– Eg bestilte ei skjorte på Vinjebue i Åmot. Ynskte meg ei som hadde vanleg skjortesnitt, men med bunadskrage og slikt. Eg hadde tenkt å bruke ho på turneen. Men så var eg ikkje heilt fornøgd med designaren. Altså meg. Det fungerte ikkje heilt, berre. Så viss dei er her på konsert i dag og blir skuffa over at eg ikkje har på meg skjorta, må dei få greie på at det ikkje har noko som helst med utføringa å gjera, seier han – og lovar at skjorta kjem på ein annan gong.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga er engasjert i kulturlivet i heimbygda Vinje


Odd Nordstoga m/ band har ikkje den mest avanserte raideren i bransjen. Foto: Randi Berdal Hagen

16:20

Framleis i garderoben. Maten er på veg til «green room» i etasjen over. Det skal vise seg å vera tapas med både blåskjel og sashimi på menyen. Men det måtte ikkje vore det. Raideren til Nordstoga m/band er ikkje ekstravagant. Her er ingen krav om at alle toalett må vera nye og ubrukte (Madonna), eit kvitt rom med kvite ljos, kvite sofaer, kvite stolar og kvite bord (Jennifer Lopez), eller Haribo vingummibamsar (Marilyn Manson).

I staden står vanleg brødmat på lista, «fordi det er så greitt», og litt vin og øl.

– Det einaste som er litt jålete, litt slik usympatisk, er at me ber om at vinen å koste minst 150 kroner, seier Odd.

Turnékaffien er det bassist Tor Egil Kreken som står for. Opp frå kofferten dreg han fram kaffibryggeutstyret kvar dag, og lagar kaffi av det som visstnok er Noregs beste kaffibønner.

Gjengen har også med seg squashracketar på turné. Dei har vore i bruk éin gong.

– Og eg har kjøpt meg nye joggesko, men dei har eg ikkje bruka enno. Gitarist Øyvind brukar sine kvar dag, seier Odd med ein sukk.

16:30

Maten er på bordet og papptallerkane fyllast med fisk, kjøt, salat og sausar i herleg harmoni, slik ein skal når det er koldtbord. Når dei sit der samla passar det fint å spørje korleis det er å vera på turné med Odd Nordstoga, slik eigentleg.

Svara er nesten litt kjedelege.

– Heilt fantastisk morosamt!

– Uovertruffent!

– Eg blir ikkje lei av låtane!

Stemninga rundt bordet er fin, og det er tydeleg at dei samreisande trivst i kvarandre sitt selskap.

Når Odd har ete opp, må han gå. Under TV-aksjonen auksjonerte han nemleg vekk ein duett med seg sjølv i operaen. Ho som fekk tilslaget var Edel Hammersmark Gjervan, altså Henriette Steenstrup sin nokså ulekre og vulgære talkshow-vertinnekarakter. Dermed må Odd også klemme inn filming til «Dritseint med Edel» både før og mellom konsertane – i tillegg til duetten i kveldens andre konsert, sjølvsagt.

Dei som sit att rundt bordet startar å snakke om at det kan bli knapt med tid mellom dei to konsertane. At dei kanskje burde kutte ut ein av låtane i den fyrste konserten.

– Men det er ingen av Odd sine låtar ein kan stryke. Det er problemet, seier bassist Kreken.

Dei kikkar på David Wallumrød, mannen med tangentane, og foreslår ei anna løysing.

– David, du må spele «Dagane» i eit forrykande tempo i dag.

17:22

Odd kjem att frå innspelinga med Edel. Bandkompisane spør om det gjekk bra.

– Ja, eg leverte som skodespelar. Eg tenkte på han der Ian McKellen.

LES OGSÅ: Nordstoga-brørne er Årets nynorskbrukar 2014

17:45

Frå garderoben læt ei kjent røyst som trallar skalaer. Det er femten minuttar att til konsert nummer ein, og oppvarminga er i gang. Odd har ikkje så mange faste ritual, heller ikkje rett før han går på scenen. Eit halsdrops kanskje, og så pushups. Ein meir for kvar dag. No er han oppe i 25.

Manager Sigve Prestnes frå Stageway kjem inn til karane i garderoben att. Det er nokre få minuttar att til konsertstart. Dei som snart skal ut og underhalde 1400 personar snakkar ei stund om den nye lua til Prestnes, som har innebygd ljos i panna og raskt blir ein vinnar blant karane.

Så er det tid for å slå på maskineriet. 

18:00

Høglytt jubel og applaus frå publikum når dei ser Odd og dei fire andre tusle fram på scenen. Odd tek på seg gitaren, som heng over skuldra ved hjelp av eit spesialvevd band laga av Eli Vesaas – profesjonell bunadsbandmakar frå Bøgrend. Han brukar alltid det bandet, er glad i det.

Så kjem «Sofaen du sat i». Framleis med futt og fart altså, men akkurat passe nedtona. Nett slik som stemma der ute vil ha det.

Publikum jublar igjen. Mange gonger. Odd syng, snakkar og sjarmerer. Får publikum til å le. Skryter av Vinje, Stein Versto og Ragnar Hovland. Gjer narr av seg sjølv. Dei fire musikarane hans er eit stjernelag. Dette blir ein god kveld for publikum.

19:45

Det siste ordinære nummeret er Texas, og det kokar både på scenen og i salen. David med tangentane er sprutraud i andletet når han kjem bak scenen etterpå. Ikkje rart, slik som dei tangentane fekk køyrd seg der ute. Også for trekkspelet til Odd blei Texas litt av ei påkjenning. Men belgen toler heldigvis meir enn nokre hardhendte piruettar på ei operascene.

Dei fem kjem av scenen med breie glis og mykje adrenalin i kroppen. Odd viser tommelen opp. Snart ferdige med fyrste etappe – skal berre ta tre ekstranummer fyrst. Ute i salen går applausen over i trampeklapp.

Når dei fem har funne plassen sin att for å spela fyrste ekstranummer, blir stjernehimmelen bak dei tent. «Seglar» tonar utover salen. Så – den herleg springsteenske «Diesel og Bensin».

– Eg har lova meg sjølv at eg alltid skal avslutte konsertane mine med «No er tivoliet over», og eg skal i alle fall gjera det i kveld, seier Odd.

Så er det fyrste tivoliet over.

20:00

Glisa er om mogleg endå breiare når dei kjem av scenen denne gongen. Det gjekk bra. Veldig bra. Tilbakemeldingane frå dei som var der viser seinare at bandet ikkje var åleine om å synast det. Folk går ut frå salen med stjerner i augo.

Ein halvtimes pause. Ikkje for Odd då, Edel krev sitt no att. Så dei andre får slappa av litt før dei skal tilbake på scenen.

20:30

Men så er dei klare att. Piplar ut frå sceneteppet ein etter ein, og finn plassen sin der oppe. Frå fyrste rad ser dei aldeles ikkje slitne ut. Ikkje litt ein gong. Og når «Sofaen du sat i» tek til for siste gong denne dagen, har dei fem der oppe gløymt alt den gledesdrepande stemma i salen sa, og trøkket frå musikken er fantastisk og tilfredsstillande.

Det er berre å lene seg tilbake på fyrste rad. Eg veit trass alt at verre ting enn dette kunne skjedd. 

Epilog

Nokre dagar etter sundagen i Bjørvika oppsummerer Odd det heile slik:

«Eg syns det gjekk veldig bra. Litt nervøs fyrste runde, for at Seglar og liknande tyder ein del for meg og at Stein og mor og far og svigers var i salen. Men ikkje meir enn godt var. Andre konserten var berre å sleppe det laus. Det var i grunnen fantastisk, og eg må innrømme at eg hadde prikka inn formen med tanke på søvn og spare stemmeproblematikk heile veka. Det er krona på verket å spela i operaen. Større blir det ikkje for meg. I alle fall ikkje betre.»

Odd Nordstoga har spela mange gonger i Operaen. Her kan du lesa korleis det var då han og Ingebjørg Bratland avslutta «Heimafrå»-turneen sin der i 2013. 


Trekkspelet til Nordstoga fekk køyrd seg i Operaen. Foto: Randi Berdal Hagen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE