mm
Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Leiarane må forstå at klimaendringane ikkje påverkar rike folk direkte. Sannsynlegvis merkar dei det ikkje. Så i diskusjonane må dei høyra på bønder og fattige folk. Ein bonde, som er direkte avhengig av klimaet, veit kva klimaendringane betyr, seier den kenyanske bonden Kisilu Musya.

Framtida møter han saman med filmskapar Julia Dahr ved Mathallen i Oslo.

Stemma til dei stemmelause
– What is this?

Kisilu peikar på purren i grønsaksboden.

Julia tek med ein, så han får smaka.

Plommer har han heller ikkje sett før, sjølv om dette er hans andre reise til nord.

I to veker reiser Kisilu og Julia rundt i Noreg med dokumentarfilmen Kisilu: The Climate Diaries, som vert vist på Litteraturhuset klokka 18.00 i kveld før han vert sendt på NRK2 klokka 21.55. Då med tittelen I stormens øye.

Les meir om vår klimasatsing: Denne vinteren står framtida på spel

Filmen, som er ein utvida versjon av Kisilu: Wind of Change frå 2012, er ein del av Spire sin kampanje for klimarettferd under klimatoppmøtet i Paris i desember, der verdas nasjonar skal bli einige om korleis løysa klimakrisa.

– Lokale, fattige, bønder får ikkje sjansen til å delta i desse framtidsplanane, men dei har mykje å bidra med og fortelja. Dei har vitnemål frå eit heilt liv om kva som skjer hjå grasrota, understrekar Kisilu.

Han oppmodar difor verdas leiarar til å ikkje utelate den store majoriteten av verdas fattige, som er dei som vert hardast råka av klimaendringane.

FNs klimapanel har åtvara mot det same. Klimaendringane trugar verdas vatn- og matressursar, noko som vil føra til auka forskjellar og konfliktar.

Miljø- og solidaritetsorganisasjonen Spire forlangar ein klimaavtale der land som i større grad er ansvarlege for klimaendringane bind seg til å støtte klimatilpassingstiltak i det globale sør.

Ansvarsfordeling er eitt av dei mest krevjande spørsmåla i forhandlingane.


Kisilu filmar kvardagen sin med borna, som han håpar får ei god utdanning. Når avlingar og inntektene sviktar, er det vanskeleg å betale skulepengar. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media & Banyak Films

Usikker kvardag
Kisilu vil «spread the gospel of climate change», som han sjølv seier.

Over fem år har 45-åringen dokumentert korleis klimaforandringane påverkar hans daglege virke som bonde.

I tillegg til ustabilt vêr og dårlege avlingar, ser ein at landbruksinntektene ikkje alltid strekk til for å betala skulepengane for borna og at mange menn vert nøydd å reisa til byen for å skaffa anna arbeid.

I filmen kan ein sjå korleis regn og ekstremvêr øydelegg huset til familien. Somme gongar kjem regnet for tidleg, slik at Kisilu ikkje får kjøpt frø og sådd før det bryt ut. I år er derimot regnet meir enn ein månad forsinka.

Slike forhold gjer det vanskeleg å planleggja framover, slik at han kan brødfø familien – Kisilu sjølv, kona Christine og ni born i alderen 1-18 år.

LES OGSÅ: Kven har ansvar for klimaflyktningane?

Klimarettferd på agendaen i Paris
Julia Dahr er tidlegare leiar i Spire, og tok initiativ til filmprosjektet fordi ho sakna perspektivet om kva klimaendringane har å seia for dei menneska som er hardast råka – nemleg fattige bønder i sør.

Smeltande polar og isbjørnar var det nok av.

Filmskaparen, som er dagleg leiar i Differ Media, fann Kisilu etter å ha intervjua mange kenyanske bønder. 

Med dokumentarfilmen, som mellom anna skal visast både på NRK2 og engelske Al Jazeera, vil Julia setja klimarettferd og nord-sør-problematikken høgt opp på agendaen før klimatoppmøtet i Paris, der verdas nasjonar skal verte einige om vegen framover.

Ikkje minst skal Kisilu tala og filmen visast i Paris før forhandlingane startar.

Ved hjelp av kronerulling frå ein Kickstarter-kampanje, vonar Julia å nytta denne reisa til å utvida den timeslange dokumentaren til ein lengre film med tittelen Kisilu: Before the Flood.

Sjå trailer til filmen her:

Kisilu: Before The Flood – Official Trailer from Banyak Films on Vimeo.

Kunnskapstørst
Kisilu filmar systematisk all frukt og grønsaker han ser i Mathallen.

Det er liten tvil om at han er ein nyfiken og kunnskapstørst mann.

Då Julia kom i kontakt med Kisilu, hadde han allereie lært om klimaforandringane og kva tiltak han sjølv kunne gjere på mikronivå.

– Då eg vart introdusert for kva som skjer med klimaet, innsåg eg at det må handling til slik at me kan stoppa klimaforandringane. Om me mislykkast, vil det koma ei tid då me ikkje kan overleva i områda våre, seier den kenyanske bonden. 

Han tok til seg lærdommen om å planta tre i same åker som matplantar, som mellom anna søtpoteter og bønner.

Varmare tider
No er Kisilu ein stolt tre-plantar, fordi trea held på fuktigheita i bakken i tillegg til at dei gjer lufta friskare.

Kisilu forklarar pedagogisk korleis karbondioksid (CO2) vert nytta i prosessen med fotosyntese. At trehogst fører til at karbondioksid ikkje vert brukt opp men stig opp i atmosfæren og lagar ein slags drivhuseffekt.

– Vårt område er veldig varmt og tørkar ut, fordi temperaturane er høgare. Dei er abnormalt høge. Eg har lagt merke til det. Ei veke med tørke kan få avlingar til å kollapse, forklarar Kisilu, som meiner folk i hans område ikkje har tenkt langsiktig nok.

– Folk hogg ned tre og laga ved for den dagen, utan å sjå at dei laga meir problem enn dei løyste. Dei visste ikkje at skadar som var gjort på ein månad, kan ta eit århundre å reparera. 

LES OGSÅ: – Rike land må ta ansvar både heime og ute i verda


Julia Dahr har lært mykje av å sjå korleis Kisilu Musya sitt harde arbeid ikkje alltid gjev resultat, på grunn av ustabile vêrforhold. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media & Banyak Films 

– Det gjeld meg òg
Heime er det varmt, men denne norske novemberdagen er kald.

Kisilu er godt innpakka i boblejakke, lue og skjerf.

Han snakkar godt engelsk og er oppteken av at lyttaren skal forstå innhaldet i det han seier.

Etter sitt førre noregsbesøk vart han inspirert av norsk organisasjonsliv. Han driv sjølv aktivt arbeid for å engasjera bønder i området sitt.

Kisilu meiner ein står sterkare saman i kampen mot klimaendringane, men ynskjer òg å løfta opp individuelt ansvar og slik vere ein god rollemodell for andre.

– Då eg fann ut at klimaet vart påverka av menneskeleg påverknad, tenkte eg: «Er ikkje eg eit menneske. Det er eg. Kven andre kan eg skulda på?» Du må ta ansvar og seie at det gjeld meg òg. Om me veit at me har gjort noko gale, kan me bestemma oss for å gjera det rette. Om eg seier at dette er gjort av nokon andre, vil eg setta meg ned og missa motet, framfor å vera i frontlinja, seier Kisilu.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Det du kan gjere
Med seg i frontlina har den kenyanske bonden Julia Dahr, Spire og mange andre engasjerte røyster. Nettopp denne røysta er Julia oppteken av at kvar enkelt av oss skal nytta.

Julia oppmodar alle nordmenn til å stemma på parti med grøne tiltak, bli med på demonstrasjonar, signera opprop og engasjera seg i organisasjonar som bidreg til å løfta klima i kvardagen.

– I Noreg er det viktig at me byrjar å snakka meir om klimaendringar – at me kvar dag prøver å setja fokus på at det er noko som skjer – NO! Mange ser det kanskje på nyheitene og snakkar om det ein gong i månaden, som om det er ein liten ting. Men det er ikkje ein liten ting. Det er den største utfordringa me står ovanfor i dag, så det må vere høgt på agendaen vår, slår Julia fast.

Ho håpar i likheit med Kisilu at verdas folk og leiarar kan forstå situasjonen til dei som vert hardast råka av klimaendringane, når dei får sjå Kisilu sitt vitnemål. 

LES OGSÅ: Filma regntida som aldri kom


Kisilu, som kallar seg Kenyan weatherman, sender ei oppdatering med smarttelefonen sin. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media & Banyak Films

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE