Randi Kleppe, Tysnesbladet
Randi Kleppe, Tysnesbladet

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

– Eg synest sjølv videoen var litt dårleg, og var usikker på om eg skulle leggja den ut på Facebook. Men sambuaren min og nokre kameratar overtydde meg om å gjera det, seier Tommy Hansen.

«Tommy Hansen – Hallo», er namnet på Facebook-sida som Tommy Hansen oppretta i september, for å ha ein plass å samla dei humoristiske innfalla han får. Der har han i eit par månader delt bilete og små videosnuttar på kring 15 sekund. Men for nesten to veker sidan la han ut ein to minuttar lang video der han latar som om han tek imot ein telefon frå artisten Adele. Denne videoen har på kort tid blitt sett av nesten 300.000.

LES OGSÅ: Nordmannen bak «Salsa Tequila» tulla seg til internasjonal hit

– Det tok litt av
Tommy Hansen kjem frå Tysnes, men har budd i Stavanger i tre år. Der studerer han petroleumsteknologi på teknisk fagskule, og har eit og eit halvt år igjen av studiane.

– Men det går jo ikkje så bra i oljenæringa, så kanskje eg heller må satsa på humorbransjen, spøker han.

Han fortel at han ofte spøker om at han ein dag skal leva av sosiale medium. Det vart brått litt mindre uoppnåeleg då Adele-filmen hans gjekk viralt i sosiale medium. Måndag morgon denne veka hadde 261.000 sett filmen. Nokre timar seinare var det 262.000.

– Det tok litt av, ganske plutseleg. 262.000 er ganske mange folk. At det skulle slå så godt an, hadde eg ikkje trudd. Men det gjev jo eit godt grunnlag for vidare satsing, ler han.

Eit par dagar etterpå var talet på visningar oppe i 275.000.

LES OGSÅ: Baby-Gabriel sine humørsvingingar er sett av millionar

Lagar mest på Tysnes
Mykje av det som dukkar opp på Facebooksida til Hansen, har allereie vorte «kvalitetssikra» av vener, og ikkje minst av sambuaren.

– Kva synest ho om humoren din?

– Ho ler ganske mykje. Det er godt å få nokon til å godkjenna ting før eg delar det på Facebook, seier han.

Ideane til videoane veit han ikkje heilt kor kjem frå; men mange, det er dei.

– Eg har fått høyra at eg har ein stor fantasi, og eg har ein del idear som eg arbeider med no. Men eg har best høve for å få utlaup for dei når eg er på Tysnes, så det kjem litt etter kvart, på løpande band, fortel han.

Det var ikkje før i vår at han byrja bli litt meir seriøs kva humoren angår. Kor lenge han kjem til å halda på med det er uvisst, men han vonar at suksessen med Adele-videoen ikkje vil verta ei bør.

– Eg lagar nye videoar så lenge eg synest det er kjekt å halda på med. Blir det for mykje press, og eg ikkje synest det er morosamt lenger, så sluttar eg med det.

– Men det er visst ein del folk som synest det er forholdsvis morosamt, det eg driv med. Og eg har framleis mange idear å ta av, lovar Tommy Hansen.

Sjå originalvideoen frå Adele, som er sett over 284 millionar gongar:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE