Men Natur og Ungdom rasar mot vegsatsinga til regjeringa.

mm

I dag blei regjeringa og samarbeidspartia samde om statsbudsjettet for 2016 . El-avgifta og ​CO2-​avgifta ​ved kjøp av​ bil vert auka og flyseteavgift vert innført. Samstundes er kutta i miljøbistand redusert med ein halv milliard. Dette får Natur og Ungdom til å jubla. Organisasjonen er mindre imponert over at store motorvegar framleis vert gjeve meir pengar enn jernbanen.​​

– Venstre og KrF skal ha ros for at det vert dyrare å forureina. Auka avgifter på bilkjøp og flyreiser er viktig for å leggja til rette for meir miljøvennlege reiser. Likevel er dette enno eit flautt statsbudsjett å ta med seg til klimaforhandlingane i Paris, slår leiar i Natur og Ungdom Arnstein Vestre fast.

– Store motorvegprosjekt og oljesubsidiar som gjev meir olje i nord låser inn utslepp i lang tid framover. Det vi har trong for er pengar til klimatilpassing og utsleppskutt i utviklingsland. Det har ikkje Venstre og KrF fått inn, forklarer Vestre

– For lite i klimabistand

I neste veke startar klimaforhandlingane i Paris. Dei første dagane er Erna Solberg tilstades. Organisasjonen meiner budsjettet inneheld for lite midlar til klimabistand.

Kvart år blir folk drive på flukt av ekstremvêr og klimaendringar.

– Stadig knappare ressursar skapar konflikt og uro. Bistandsmidlar til tilpassing og utsleppskutt i fattige land er heilt grunnleggjande for å avgrensa konsekvensane av framtidige flyktningkatastrofar, seier Vestre.

Les alt om Statsbudsjettet 2016 her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE