Krev dugnad for kutt i antibiotika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk helsevesen skriv ut meir antibiotika enn nødvendig. For å få bukt med vondet vil Folkehelseinstituttet at legar og politikarar skjerpar innsatsen, noko som vil koste tid og pengar.

Kvar fjerde nordmann får antibiotika på resept kvart år, og 90 prosent blir skrive ut i primærhelsetenesta, særleg på legekontora. Bruken i Noreg har auka dei siste åra, sjølv om talet infeksjonar ikkje har gått påviseleg opp.

– Skal vi få ned bruken, må alle som er ansvarlege, bidra. Allmennlegane må stille opp på dugnad, det handlar om å sjå på eigen praksis, samanlikne og lære av andre. Det vil koste tid og pengar. Staten må setje av ressursar for å regulere bruk og følgje opp dette, seier smitteverndirektør John-Arne Røttingen ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Legar som jobbar aleine
FHI har forma ut eit utkast til handlingsplan for antibiotikabruk i Noreg, der målet er å redusere forbruket med 30 prosent. Før årsskiftet skal regjeringa vedta ein handlingsplan. Mesteparten av kutta må skje i primærhelsetenesta.

Postdoktor Sigurd Høye ved Antibiotikasenteret for primærmedisin (ASP) ved Universitetet i Oslo var med på å lage utkastet. Han meiner det viktigaste tiltaket vil vere å innføre eit system for vidareutdanning av alle fastlegar, der dei får tal over kva dei sjølv gjer og diskuterer dette med kollegaer.

– Det er dette som har vist best effekt. Fastlegane jobbar mykje aleine, utan anledning til å konsultere andre kollegaer. Det er ingen som ser dei i korta. Ein veit gjerne ikkje kva kollegaen på nabokontoret gjer. Då kan det lett bli utvikla uvanar, særleg viss ein har dårleg tid og mange konsultasjonar per dag. Her er det stor forskjell samanlikna med legane på sjukehus, som samarbeider med kollegaer om dei same pasientane og kan diskutere mykje seg imellom.

Viss ein samanliknar den femdelen av legane som skriv ut mest antibiotika, med den femdelen som skriv ut minst, skriv den første gruppa ut slike medisinar 2,5 gonger oftare.

Fleire døyr
Onsdag blir den europeiske antibiotikadagen markert. Auka bruk av antibiotika over heile verda aukar risikoen for utvikling av resistente bakteriar. Dermed døyr folk igjen av sjukdommar som antibiotika ikkje lenger kan ta knekken på. Verdshelseorganisasjonen (WHO) anslår at det årleg døyr rundt 25.000 personar i Europa på grunn av antibiotikaresistente infeksjonar. Trass auken dei siste åra, ligg Noreg framleis lågt på statistikken over antibiotikabruk samanlikna med mange andre land.

– Vi skal vere glade for at vi har hatt få problem med bakterieresistens i Noreg hittil. Det er fordi vi har vore fornuftige og flinke. Er vi smarte kan vi fortsetje å ha det slik, men det krev eit medvit og ein innsats. Der kan vi bli betre, seier Høye.

Han påpeiker at svenskane har fått det til:

– Dei pleidde å bruke meir antibiotika enn oss. No bruker dei betydeleg mindre i Sverige enn i Noreg. Forskjellane er at dei har satsa mykje på dette, og då ser dei resultat. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om antibiotika i Noreg

* Bruken av antibiotika i Noreg er låg globalt sett, men har auka i perioden 1999– 2014.
* Regjeringa har som mål at vi reduserer det nasjonale antibiotikaforbruket med 30??prosent innan 2020.
* Heile 87 prosent av forbruket av antibiotika i dag, blir brukt på menneske. Det er derfor mest å hente på reduksjon i bruken blant menneske.
* Antibiotika som blir skrive ut som kur mot luftvegsinfeksjonar, utgjer omkring halvparten av det norske forbruket.
* Reseptregisteret viser at 28 prosent av kvinner og 19 prosent av menn fekk utlevert antibiotikum på resept minst éin gong i fjor.
* Det er ein høg del brukarar blant unge vaksne, men den største delen brukarar er folk over 80 år.
* 90 prosent av all antibiotika blir skrive ut utanfor sjukehus, mesteparten hos allmennlegane, med store forskjellar frå lege til lege.
* Det er store regionale forskjellar i bruk, der befolkninga i nord bruker 10– 15 prosent mindre antibiotika enn i Sør-Noreg.
* Østfold har høgst del brukarar av antibiotika, medan Troms og Finnmark har den lågaste delen. (©NPK)