Heime hjå reinen i Rondane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vigga.

No kjem mykje av biletematerialet i bokform, skreve som ei feltdagbok. Boka «Midt i flokken» er ført i pennen av forskar hjå Norsk institutt for naturforsking (NINA), Olav Strand, og kommunikasjonsrådgjevar i NINA, Frid Kvalpskarmo Hansen.

– Den er skreve som ei feltdagbok, så eg er litt spent på reaksjonen, fortel Strand.

Bileta i boka er frå flokken på Hardangervidda, og teke av villreinen sjølv. I regi av NINA vart det montert GPS-halsband med høgoppløyseleg kamera på ni simler mellom 2011 og 2015. Det er òg montert kamera på flokkane i Rondane og i Snøhetta, men frå Snøhetta er det berre videoklipp.

Strand sine eigne bilete, teke gjennom dei mange turane hans i fjellheimen er òg med i boka.

Samiske Ásllat Anti (19) frå Karasjok: – Reinen er livet vårt

Nye ting
Strand meiner han kjenner villreinen godt etter mange år med forsking på levesettet deira, og korleis mennesket påverkar den sårbare stamma i landet.

– Eg har vore mykje i fjellet, og har ei desperat interesse i villreinen. Likevel er det ting her eg ikkje har sett før, fortel Strand.

Det fyrste møtet mellom simla og den nyfødde kalven, rein som let seg snø ned under snøstorm, og tette flokkar i sommarvarmen er nokre av dei unike augeblikka som er fanga på foto. Men óg at reinsdyra faktisk gneg av gevira på einannan før dei fellast.

– Det er eit privilegium å få lov til å sette alt dette saman til bok, fortel Strand.

 
Reinsflokken i Rondane ein flott vinterdag. På biletet er det utsikt mot Atnsjøen og Sølnkletten. FOTO: AUTOKAMERA/NINA 

Formidling
Dei såg tidleg at materialet frå kameraa måtte brukast til noko. Villreinen er sårbar, og ein kan ikkje legge opp til guiding slik det til dømes blir gjort med moskusen på Dovrefjell. Difor har opplevingar og formidling knytt til villrein vore tema dei siste åra, særleg blant reiselivsaktørar.

– Boka er eit svar på noko av dette, og kan seljast av bedrifter. Og det var ynskje om bilete frå Rondane slik som frå Hardangervidda, men vi var dessverre ikkje heilt heldige med kvaliteten på bileta frå Rondane, fortel Strand.

Reinen i Rondane og Snøhetta har hatt kamera på seg eit knapt år. Det er ikkje avgjort om det vil bli festa fleire kamera på reinsdyr.

LES OGSÅ: Jobbar med å utrydda rein i Sør-Georgia

Nyttast i forsking
I samband med forskinga er det fyrst og fremst åtferda til reinen som er interessant, og som blir dokumentert.

– Vi er i tankeboksen om korleis vi kan bruke det i forsking. Ut i frå dyrevelferdsproblematikken, så tek reinen bilete av andre reinar med radiomerking, då kan vi sjå at dei sit rett og ikkje slit på pelsen, fortel Strand.

Då dei fyrst sette på kamera på reinsdyra, var dei svært usikre på resultatet.

Eit av videoklippa frå Snøhetta-

stamma er frå Storbrean, der det tidlegare er gjort fleire funn av blant anna pilspissar som vart nytta til reinsjakt. Reinen nytter brear som nedkjøling på varme sommardagar, og det er nett det dyra gjer i videoen.

Det er no snakk om å lage informasjonsvideo om fokusområda og konfliktane kring villrein. Då kan noko av dette materialet nyttast.

– Eg håpar at bileta bidreg til at folk blir meir glad i reinen, seier Strand.


Forskarane i NINA har ingen moglegheit til å påverka kva som blir fotografert av reinsdyra. FOTO: AUTOKAMERA/NINA