Fryktar ikkje radikalisering i Noreg etter Paris-terror
Det er liten grunn til å frykte auka radikalisering i Noreg etter terrorangrepet i Paris, meiner Linda Noor i tankesmia Minotenk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar ikkje radikalisering
Det brutale terroranslaget i den franske hovudstaden fredag har gitt ekstremistgruppa IS massiv merksemd, noko fleire fryktar vil fungere som gratisreklame i forhold til rekruttering.
Men i Noreg har miljøet rundt IS-sympatisørane krympa så mykje at det er lite å rekruttere frå, meiner dagleg leiar i Minotenk Linda Noor.
– Det er nesten ingen igjen. Enten har dei reist, eller så sit dei i fengsel, seier ho til NTB.
LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig
Noor har følgt med på muslimske nettsider og sosiale medium etter angrepet i Paris.
– Internasjonalt har IS-sympatisørar vore veldig aktive, men frå norsk side har det vore liten aktivitet, seier ho.
Derimot kan angrepet endre vanlege folks syn på flyktningane som strøymer inn frå krigsområda i Syria, trur Noor.
– Slike angrep fargar alltid synet på innvandring generelt og skaper meir gehør for innstrammingar. Men vi må hugse at det er slikt som dette folk har flykta frå.
– Samtidig vil ein liten del av dei som kjem, på ein eller annan måte utgjere ein trussel. Men det er såpass små forhold i Noreg at politiet burde greie å fange dei opp, seier Noor. (©NPK)
LES OGSÅ: Dette er jihad
