UNICEF ber foreldre om å snakke med barna om terrorangrepa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UNICEF: – Snakk med barna om terroren

– Barn får med seg mykje meir enn vi vaksne trur, derfor tilrår vi at ein snakkar med barna sine om det som har skjedd i Paris, seier fagansvarleg Kristin Oudmayer i UNICEF Norge.

Ho meiner det ikkje er noka løysing å la vere å snakke om terrorangrepa.

– Barn har rett til å forstå verda dei lever i. Det gjer dei trygge. Derfor må vi hjelpe dei – sjølv om dette er meiningslaust og uforståeleg, seier Oudmayer.

Ho sier at mange barn – og særleg sårbare barn – blir engstelege no.

– Og mange får hovudet fullt av spørsmål det kan vere vanskeleg også for oss vaksne å svare på. Barna bør få høyre sanninga, men spar på detaljane, seier Oudmayer.

Ho meiner foreldre bør gjere dei nærmaste dagane så vanlege som mogleg.

– Ikkje bli sitjande framfor TV-en saman med barna, men gjennomfør planlagte aktivitetar, oppfordrar Oudmayer. (©NPK)