Eiffeltårnet er stengt på ubestemt tid
Eiffeltårnet er stengt på ubestemt tid, opplyser leiinga for Paris' fremste turistattraksjon.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vanlegvis besøkjer 20.000 menneske Eiffeltårnet kvar einaste dag. Avgjerda om å stengje blei tatt laurdag, dagen etter at 129 personar blei drepne i terrorangrep på sju ulike stader i Paris.
Samtidig er tryggleiken ved franske ambassader og andre bygningar i utlandet trappa opp. Tiltaka omfattar blant anna skular og kultursenter.
Lokale franske styresmakter får dessutan moglegheit til å innføre lokale portforbod viss dei reknar det som nødvendig, opplyser Frankrikes innanriksminister Bernard Cazeneuve.
Tusenvis av soldatar og politifolk er utplassert rundt omkring i landet for å vakte offentlege bygningar. Det er også innført skjerpa grensekontroll. (©NPK)