Her er appen som skal gjere deg klimavenleg
Korleis påverkar dine vaner klimaet? Denne appen skal få oss til å konkurrere om å spare mest CO2.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Appen som gjer deg klimavenleg
Har du nokon gong lurt på kva du kan gjere med klimaendringane? Og om ditt lille bidrag har noko å seie i det heile? Snart får du hjelp.
LES OGSÅ: Ti klimatips for betre helse
Neste år er den nemleg her – appen der du kan loggføre sykling, køyring, matinnkjøp og så vidare. Det skriv Forskning.no.
I appen, som har fått namnet Ducky, kan du følgje andre brukarar og konkurrere om kven som sparar mest CO2.
Ducky skal gjere det enklare å sjå miljøeffekten av handlingar i kvardagen.
– Å etablere nye vaner kan redusere utslepp av CO2 og vere ditt viktige bidrag i arbeidet med å motverke klimaendringar, seier medgründer i selskapet, Silje Strøm Solberg til Forskning.no.
Aktiviteten du loggar i appen blir samanlikna med norsk forbruks- og vanemønster. Slik får du svar på om du er klimaversting, klimabesting eller midt i mellom.
Appen er for tida under utvikling og vert lansert i laupet av 2016.
LES OGSÅ: «Livskvalitet handlar ikkje om forbruk»
Kjente på klimafrustrasjon
Ideen kom til som eit svar på alle dei negative vinklingane på klimaendringane. Gründeren seier til Forskning.no at det kan kjennast vanskeleg å bidra til å motverke endringane som enkeltperson, og at mange kjenner på «klimafrustrasjon» og kor vanskeleg det er å ta miljøvenlege val i kvardagen.
Det var svært vanskeleg å finne ut kva produkt som har minst påverknad på miljøet og kva bedrifter som bryr seg om framtida, ifølgje Solberg. Ho seier det verka som politikarane venta på at veljarane skulle etterspørje endring, og veljarane venta på at politikarane skulle gjere noko.
– Forsking har synt at når ein legg til rette omgjevnadane slik at det er enkelt å ta sunnare og meir berekraftige val, så gjer folk det. Men slik er det ikkje i dag, og då er det behov for tenester som motiverer til endring, seier ho til Forskning.no.
LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr