Kvinner, ungdom og venstreorienterte mest bekymra for klima

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner og ungdom mest uroa

Klimautfordringa er svært alvorleg. Forskning.no skriv at det er noko eit gjennomsnitt på 54 prosent av dei spurde i 40 ulike land i verda meiner.

Eit gjennomsnitt på 78 prosent av innbyggjarane i dei same 40 landa meiner at deira eige land må bidra med reduksjonar i klimagassutslippa.

Kina og USA er dei to landa der innbyggjerane er minst bekymra, men også her er det no eit klårt fleirtal som oppfordrar sitt eige land til å bidra med reduksjonar i klimagassutslippa.

– At så mange menneske seier at deira eige land må bidra, er det aller mest gledelege med denne undersøkinga, seier Steffen Kallbekken, forskar ved Cicero til forskning.no.

LES OGSÅ: Utfordra Ap og Høgre til å snakke om olje og klima

Også skilnader i ulike samfunnsgrupper
Forskning.no skriv også at eit anna interessant resultat av denne undersøkinga, er kor store skilnadene er mellom ulike grupper i samfunnet i synet på global oppvarming. Spesielt i rike og demokratiske land som USA, Tyskland og Australia er det store skilnader.

Ungdom, kvinner og personar med politisk ståstad til venstre for sentrum er vesentleg meir bekymra for klimaet enn eldre, menn og personar som støttar parti på høgresida i politikken.

LES OGSÅ: Marie syklar 2000 km for klimaet