Vil byggje bustader for flyktningar
Fleire bustadbyggjelag er klare til å bidra både til bygging og forvaltning av flyktningbustader, fortel Norske boligbyggelag (NBBL).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil byggja bustader for flyktningar
Det kjem fram i ei kartlegging NBBL har gjennomført blant dei 44 bustadbyggjelaga sine. Kartlegginga er gjort i samband med møtet kommunalminister Jan Tore Sanner har kalla inn til om bustadsituasjonen for flyktningar måndag 9. november.
– Dette kan verken det offentlege, dei private eller byggjebransjen løyse aleine. Bustadbyggjelaga kan både byggje, leige ut og forvalte bustader, i eigen regi eller i samarbeid med andre. Men det er stor forskjell på bustadbyggjelaga, så moglegheitene til innsats vil variere i ulike delar i landet, seier administrerande direktør i NBBL, Thor Eek.
LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar heimen for flyktningar
Opp til 120.000 i 2016
Han meiner bustadbyggjelaga i større grad kan bidra til bustader berekna på dei som får opphald og skal busetjast i kommunane, men ikkje i like stor grad til akuttmottaka.
Styresmaktene anslår at det vil komme 33.000 asylsøkjarar i år, og 30.000-50.000 neste år. Men talet for 2016 kan komme opp i 120.000, ifølgje regjeringa. Også Huseiernes Landsforbund, Byggenæringens Landsforening, Boligprodusentene, Moelven, Skanska, Selvaag, Norsk Eiendom, Utleiemegleren, Leieboerforeningen og Forbrukarrådet er inviterte til Sanners hastemøte førstkommande måndag.