Når alle kan laga eigne seriar med minimale budsjett kjem fleire alternative stemmer fram. Fenomenet web-seriar veks.

mm

– Det heile starta med at me hadde eit filmprosjekt på skulen i fjor haust. Medan me sat og skreiv tenkte me at skulen likna litt på eit mentalsjukehus, så kvifor ikkje laga ein web-serie om eit mentalsjukehus? forklarar Eirik Daleng på telefon til Framtida.no.

Han var prosjektleiar for web-thrilleren «Halsnøy», som kom ut i mai i år.

LES OGSÅ: Er du telefil?

Web-seriefestivalar veks fram
I konkurranse med hundrevis av andre web-seriar vann Daleng og resten av Teater og filmlinja på Sunnhordland folkehøgskule nyleg «The Industry Panel Awards» for web-serien sin under den nyoppretta festivalen UK Web Fest, meldte avisa Kvinnheringen.

Festivalen har som mål å samla dei beste webseriane frå heile verda, slik at filmskaparar kan møtast for å bli kjent med andre og visa produktet sitt til profesjonelle aktørar i filmbransjen.

I tillegg har dei òg fått vist fram serien på Sunscreen Film Festival West og Miami Web Fest.

Den tidlegare folkehøgskuleeleven, som i dag er stipendiat og lærar er ikkje i tvil om at web-seriar er på full fart framover.

– Eg trur absolutt at det kjem til å bli meir populært, etter kvart som det vert ein større og meir normal måte å produsere audiovisuell film på. Fordelen med web-seriar er at ein kan laga noko som er i ein mindre skala. Ein kan laga små kortfilmar, eller sekvensar som ein set saman til ein serie. Det er mindre arbeid enn om ein skulle laga ein film eller ein pilot og ein kan òg leika seg litt meir, forklarar Daleng, som kom langt med eit budsjett på 16.000 kroner.

Saka held fram under første episode av web-serien «Halsnøy»:

Unge utan Netflix
Den unge filmskaparen får støtte av førsteamanuensis i medievitskap ved Høgskulen i Hedmark, Gry Rustad, som har doktorgrad i tv-seriar.

Ho har følgt fenomenet web-seriar sidan ho først vart merksam på serien «The Guild» frå 2007, som er ein av dei første suksesshistoriene. Serien har fått over 300 millionar visningar og er plukka opp av strømmetenesta Netflix.

– Utviklinga dei siste åra har vore enorm, spesielt blant dei yngre. Det er nok eit veksande marknad på grunn av populariteten til Youtube. Ein kan snakka om eit bittelite generasjonsskilje. Den heilt unge generasjonen har ikkje Netflix-abbonement, sjølv om ein kan tenkja seg at dei bruker foreldra sitt. Men 10-12-13-åringane ser likevel mykje meir på Youtube – både på seriar, musikkvideoar og trailerar, seier Rustad på telefon til Framtida.no.

Saka held fram under første episode av suksessen «The Guild»:

Lågbudsjettshumor
Rustad forklarar at Netflix-seriar ikkje vert sett på som ein web-serie, men elles kan web-seriar dukke opp på både Youtube og tilsvarande plattformer på Internett.

Fiksjonsseriane er gjerne humoristiske, medan det òg finst meir alvorlege dokumentarseriar.

Episodane i serien er korte og ofte produsert med eit lågt budsjett og enkle verkemiddel, der skodespelarane til døme sit framfor eit kamera og snakkar til det som ei dagbok.

– Den norske serien er ein thriller, noko som er veldig spanande sidan dei fleste har meir komikk. Folk ser at ein kan eksperimentera meir med ein web-serie enn ein kan på dei store kanalane. Det er eigentleg ikkje nokre reglar å halde seg til. Moglegheitene er enorme og ein kan gjera kva ein vil. Ein kan sjå på det som ein slags demokratisering av audiovisuell fiksjonsunderholdning, seier Rustad, som fortel at ho nyleg var på eit foredrag om korleis web-seriar har opna dører for afroamerikanske kvinner.

Sjå første episode av «The Mis-adventures of Awkward Black Girl»:

Mangfald i ein kvit mannsdominert bransje
Sjølv følgjer Rstad ein serie kalla «Broad City»– laga av Ilana Glazer and Abbi Jacobson, som vart plukka opp av kanalen Comedy Central.

Youtube-stjerna bak karakteren Crazy Ex-Girlfriend har òg vorte oppdaga via Internett og har premiere på tv denne månaden.

Det er med andre ord ein god måte å visa seg fram og slå igjennom på.

– Det beste med web-seriar er at ein får fram fleire stemmer, perspektiv og mangfald. Tv-bransjen, spesielt  i USA, er jo ekstremt mannsdominert og kvit, slår Rustad fast.

Crazy Ex-Girlfriend har gått frå Youtube-stjerne til eigen tv-serie:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE