Kunnskapsministeren vil ha full gjennomgang av Westerdals

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Røe Isaksen: – Vil ha full gjennomgang

Isaksen seier departementet er i full gang med ein grundig gjennomgang for å undersøkje om det har skjedd noko ulovleg

– Vi har kravd svar på ei rad spørsmål frå Anthon B. Nilsen, og det vil komme fleire spørsmål frå oss. Når vi har fått dei svara vi ber om, vil vi konkludere om korleis vi skal ta denne saka vidare. Vi held alle moglegheiter opne, også moglegheita for å opne tilsynssak, skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ein e-post til NTB.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har også bedt statsråden gjere greie for for saka.

LES OGSÅ: Håvar inn pengar på privat utdanning

Omstridd transaksjon
Dagens Næringslivs skreiv laurdag at privatskulekonsernet Anthon B Nilsen har overført over 100 millionar kroner frå drifta av dei statsstøtta privatskulane sine til eige morkonsern.

Skulane Westerdals, NITH og NISS vart til det samanslåtte selskapet Westerdals Oslo ACT i 2013, og det var i samband med denne fusjonen at totalt 105 millionar kroner frå dei tre skulane vart overførte til morselskapet.

For statsstøtta privatskular er det forbode for eigarane å ta ut utbyte. Då pengane vart overførte til morkonsernet, vart dei fritekne frå dette kravet, ifølgje DN.

Selskapet sjølv avviser at dei har gjort noko ulovleg og seier at ingen av pengane er gått til utbyte til eigarane, men er ein del av eigenkapitalen til selskapet Anthon B Nilsen Skoledrift.

Selskapet har no oppretta eit eige utval som skal gjennomgå transaksjonen.

LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar

Funne habil
Isaksen tek samtidig avstand frå insinuasjonar i artikkelen om at behandlinga av saka i Kunnskapsdepartementet har blitt påverka av at han kjenner ein av eigarane, Nicolai Løvenskiold, frå si tid som redaktør i Minerva.

Ifølgje DN fekk Kunnskapsdepartementet ei uromelding frå Riksrevisjonen om selskapet i 2013, men granskinga vart lagt på is etter at Isaksen vart statsråd.

– Det er ikkje rett. Departementet har følgt sine vanlege rutinar i si kontrollverksemd. Ikkje på noko tidspunkt har departementet stoppa oppfølginga av skulen, seier Isaksen.

Han seier han også har fått sin habilitet sjekka av Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet som har funne han habil.

Isaksen seier samtidig at han meiner departementet på eit tidlegare tidspunkt kunne stilt fleire spørsmål om fusjonen, og om ei film- og TV-linje ved Westerdals, som aldri er godkjent av skulestyresmaktene.

– Fryse tilskot
Norsk Studentunion (NSO) er svært uroa over saka. Dei ber om at Kunnskapsdepartementet vurdere å fryse tilskotet til nye studieplassar inntil det har blitt klart kva som er skjedd.

– Vi krev også at studentar som har blitt tatt opp på studieprogram som ikkje er reelle, får betalt tilbake skulepengane dei har lagt ut, seier nestleiar Synne Grønvold til NTB.

(©NPK)