«Noreg gamblar på at klimapolitikken skal feile»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg veddar på at politikken skal feila

Norsk olje- og klimapolitikk heng ikkje på greip. Topp-politikarane seier dei støtter visjonen om eit samfunn med nullutslepp av klimagassar. Samstundes forventar dei at etterspurnaden etter olje og gass vil verte høgare i framtida og let petroleumsomsyn gå føre.

Det meiner Anders Bjartnes, redaktør i Norsk Klimastiftelse og i nettmagasinet Energi og Klima.

Denne veka lanserer han sitt syn på Noregs rolle i klimakrisa, boka Det grønne skiftet – Stans Norges veddemål mot klimapolitikken.

LES OGSÅ: Unge Høgre-leiaren:  Utopi med eit Noreg utan olje og gass i overskodeleg framtid 

Klår samanheng mellom klima og olje
– Det største problemet med norsk klimadebatt er at klima og olje vert halde kvar for seg, og at den opplagte samanhengen vert dempa. Det er heilt klårt at dei klima- og energiomstillingane vi står overfor vil påverke oljesektoren, seier Bjartnes.

Han meiner aktørar i politikk og næringsliv legg til grunn at etterspurnaden etter olje og gass fram mot åra 2030-2040 vil øydelegge målet om maks to graders oppvarming. Det er dette han kallar eit veddemål mot klimapolitikken.

Den tidlegare journalisten er ikkje i tvil om at den klimariktige framtida er fornybar og elektrisk.

Verda vil trenge olje og gass i mange år framover, men mykje mindre enn etter kvart som klimapolitikken vert stramma til og energiomstillinga skyt fart. Oljepolitikken må difor legge til grunn at den fossile energiepoken nærmar seg slutten, og unngå investeringar i kostbar olje og gass, meiner Bjartnes.

LES OGSÅ: Grøn industri – orda som smakar fridom

Rettar seg til Høgre og Ap
Boka er ein appell til dei store partia Arbeidarpartiet og Høgre, samt LO og NHO. For det er korkje miljørørsla eller Miljøpartiet som avgjer klimapolitikken, meiner Bjartnes.

– Miljøpartiet er ein viktig pådrivar og agendasettar. Dei kjem med nye idear og gjer det vanskeleg for dei store partia. Til sist er det likevel Høgre og Arbeidarpartiet som har den verkelege makta. Det hadde vore ein stor føremon om dei var einige i dei store linene.

Les kva ungdomspolitikarane meiner om saka!

Bjartnes er særleg kritisk til utbygging i krevjande område som Barentshavet eller ved Jan Mayen. Oljen og gassen frå områda skal konkurrere i ein marknad der fornybar energi stadig står sterkare.

På same tid som alternativ som solenergi vert billegare, vil ein forsterka global klimapolitikk gjere vilkåra for olje, gass og kol endå dårlegare. Sjølv om gass vert meir konkurransedyktig mot kol, vil konkurransen mot billegare og meir effektiv teknologi svekkje også denne gullkua.

– Debatten bør handle om kva for olje som skal ligge. Å stenge effektive og rimelege felt, som Ekofisk og Johan Sverdrup, er etter mitt syn meiningslaust. Olje og gass som er dyr å utvinne vil verte utkonkurrert, slik som dei skrinlagde oljesandprosjekta i Canada.

Viktigast kva som skjer globalt
Eit poeng i boka er at sjølv om Noreg må gjere store omstillingar nasjonalt, vil dei verkelege kutta måtte gjerast globalt, til dømes i land som produserer straum frå kol.

– Som rikt land bør vi gå føre og kutte nasjonale utslepp ved å leggje om transportsektoren her heime. Elbilar og batteriferjer er heilt riktige val. Men dei verkelege kutta skjer utanfor landet, og vårt største bidrag vil vere om vi brukar Oljefondet til å drive fram kutt, seier Bjartnes.

LES OGSÅ: – Vèret på Finnmarksvidda stemmer ikkje lenger

Han meiner Noreg som stor vasskraftnasjon bør gå i tungt partnarskap med våre europeiske naboland, og gjere deira energiomstilling lettare.

Redaktøren meiner Noreg treng ein ny politikk og strategi for å senke klimautsleppa og forsterke omstillinga i norsk økonomi.

– Vi treng ein forsterka diskusjon om Oljefondets rolle globalt, og korleis fondet kan verte investert i det godes teneste. Og vi treng ein forsterka debatt om risiko knytt til oljeutvinning i Barentshavet, seier Bjartnes.

LES OGSÅ: «Framtida ser lys ut. Men først må me få fingeren ut!»

Faktaboks

 Her er Anders Bjartnes si oppskrift på det grøne skiftet:

Nullvisjon:Landa rundt Nordsjøen bør bli den første store regionen i verda med ei tilnærma CO2-fritt energisystem. Det trengs ein «nullvisjon» som landa bør samle seg om. Her trengs sterkt politisk leiarskap, meiner Bjartnes, som sparkar ballen til Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap).

1. Sett kapitalen i arbeid

Bruk Oljefondet til å bringe verda på klimariktig kurs, ved å investere i fornybar energi og klimariktig infrastruktur.

2. Ta leiarskap i Europa

Ikkje brems den europeiske energiomstillinga for å ivareta norske gassinteresser. Ta heller posisjonar i dei nye og fornybare sektorane, der gassen gradvis vil miste grep. Utnytt potensiale i å hjelp kvarandre og utvikle måtar å utnytte fornybare energiressursar i samspel med europeiske naboland.

3. Lag ein klimariktig oljepolitikk

Tradisjonelt har olje- og klimapolitikken blitt handsama kvar for seg. Det må det bli slutt på. Politikarane må gje slepp på ambisjonane om å vidareføre ein stor oljesektor gjennom store delar av dette hundreåret, fordi det ikkje heng saman med ønsket om å bringe verdas klimautslepp til «netto null» i 2050. Dette er ein ambisjon Noreg støttar i dei globale klimaforhandlingane.

I praksis handlar dette om å ikkje gå for dyre prosjekt med høg risiko, slik som å utvinne olje og gass i Barentshavet. Vi risikerer å bruke milliardar på noko som ikkje er lønsamt.

4. Skap ei sterk grøn klynge

Politikarane bør bidra til å utvikle grøne klynger, som arbeider med å byggje om energisystema i OECD-land, og bygge ut systema i utviklingsland.

5. Vis veg

Ver i forkant med å byggje eit utsleppsfritt transportsystem. Særleg fordi Noreg har eit utsleppsfritt kraftsystem og bruker veldig lite fossil energi til oppvarming, kan vi gå føre på dette området. Utvikling innan både elbil, miljøvenleg sjøtransport og moderne biodrivstoff peikar i riktig retning, men å kutte dei viktige utsleppa frå transportsektoren handlar også om byplanlegging og kollektivtrafikk.

6. Lag ein politikk som heng saman

Den norske oljepolitikken må klimatilpassast, ved at dei dyraste oljeressursane vert liggjande. I tillegg må vasskraftnasjonen Noreg gå tungt inn i partnarskap med europeiske naboland og gjere deira energiomstilling enklare. Som stor investor må Noreg kanalisere store delar av Oljefondets investeringar til fornybar energi i globale marknader.