Statoil satsar på verdas største flytande vindpark
Vindparken kan forsyne nær 20. 000 heimar med straum.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Byggjer største flytande vindpark
Statoil har bestemt seg for å investere rundt 2 milliardar kroner i den største flytande vindparken i verda.
Den endelege investeringsvedtaket er no tatt, opplyser Statoil.
Vindparken Hywind Scotland er det første havvindprosjektet i Storbritannia og skal liggje utanfor kysten av Petershead i Skottland. Turbinane vil kunne forsyne nærmare 20.000 bustader med straum.
Statoil fekk byggjeløyve frå skotske styresmakter måndag. Det skal bli bygd fem flytande turbinar.
LES OGSÅ: «Grøn industri – orda som smakar fridom»