Grøn industri – orda som smakar fridom

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Grøn industri – orda som smakar fridom»

Grøn industri. Sei det. Sei det igjen. Smak på ordet. Det høyres kanskje litt underleg ut? Det burde det ikkje. Tanken om at grøn industri er eit sjølvmotseiande omgrep, er utbreidd i Noreg i dag. Du er enten for miljø, eller for industri. Nokon mellomting finst ikkje.

Heldigvis byrjar Noreg å vakne. Miljørørsla i Noreg vert sterkare og sterkare. Når regjeringa flytta iskanten, var det ikkje berre diverse miljøorganisasjonar som reagerte, men ein stor del av Noreg sine innbyggjarar. Twitter kokte. Avisene kokte. Folket kokte. Store delar av olja må bli under bakken, sa dei.

LES OGSÅ: Den andre grøne revolusjonen: Menneske og mold først

Men fortsatt er det slik at mange føler dei må velje mellom industri og miljø. Grøn industri er liksom noko vagt og uhandgripeleg, noko langt borte. Industrien i sin noverande form, er for mange noko me kan sjå tydeleg framføre oss, og noko me kan ta og føle på. Han er handfast, og ikkje vag  i det heile. For mange er industrien eintydig med arbeidsplassar, medan auka fokus på miljø er eintydig med massiv arbeidslause. Det er den tankegongen me må til livs.  for det finnes faktisk andre ting å leve av enn olje, kull og gass.

Me snakkar ofte om det grøne skiftet, som om det er noko som kjem til å skje snart. Det kjem ikkje til å skje, med mindre politikarane tek ansvar. Når olja blir under bakken, når folk forstår at klima er viktigare enn raske pengar, då kan me snakke om framtidsjobbar og kva me skal leve av i framtida. For det grøne skiftet treng ikkje vere slutten på industri. Det grøne skiftet treng ikkje vere synonymt med massiv arbeidslause for tidlegare industriarbeidarar. Det grøne skiftet kan vere vår tids største industrielle revolusjon.

LES OGSÅ: Passive aktivistar

Eg seier det igjen: Grøn industri. Eg smakar på ordet. Det smakar som fridom. Fridom frå olje og gass, og fridom frå skuldkjensle for kommande generasjonar. For grøn industri vil kunne fylle hòlet frå den miljøfiendtlege industrien, samstundes som den vil kunne skape nye arbeidsplassar. I brytninga mellom gamal og ny industri må sjølvsagt dei gamle arbeidarane få tilbod om omskulering, slik at dei kan tre inn i nye, miljøvennlege jobbar.

Moglegheitene er endelause. Vasskraft, vindkraft og bølgjekraft er berre nokre alternativ. I tillegg, dersom kollektivtilboda i Noreg får ein skikkeleg ny giv, vil jernbanenettverk over heile Noreg skape nye arbeidsplassar. Både for dei som jobbar i jernbanen, og dei som byggjer han.

Som om dei endelause moglegheitene i grøn industri ikkje var nok, har me framtidas grøne jordbruk, altså ein tilbakegong frå industrialisert jordbruk, til eit økologisk og berekraftig jordbruk. Me har òg moglegheitene for berekraftig skogbruk, fiske og turisme.

Mange eksisterande industriar har moglegheiter for å verte berekraftige og miljøvennlege. Når ein ser dette i tillegg til dei nye miljøvennlege industriane det grøne skiftet vil kunne skape, ser framtida ljos ut. Men først må me få fingeren ut!

Av Vetle Mikkelsen

LES OGSÅ: Frank Aarebrot: «Dårleg debattklima om klima»