«Framtida ser lys ut. Men først må me få fingeren ut!»
Vetle Mikkelsen (19) vann skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett med innlegg om det grøne skiftet.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me må få fingeren ut!
Konkurransen hadde tema «Det grøne skiftet – kva skal me leve av i framtida?».
– Eg er særs nøgd, og ein smule overraska, over å ha vunne. Dette var ei utruleg hyggeleg overrasking å vakne opp til, seier Vetle Mikkelsen.
– Det grøne skiftet er ei av dei viktigaste sakene på den politiske agendaen anno 2015. For å sørgje for ei leveleg verd for framtidige generasjonar, må vi satse tungt på grønare industri. Det er òg viktig å ta eit tak for eit solidarisk, grønt landbruk, som ikkje er avhengig av soya frå regnskogen for å produsere kjøt, egg og mjølk.
Vetle Mikkelsen er oppvaksen i Odda og byrja i haust å studere nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.
Det trivst han godt med, og ser ikkje bort ifrå at det vert ein mastergrad etter at han er ferdig med bachelorgraden.
– Korleis vil det grøne skiftet påverke Odda-samfunnet, trur du?
– I Odda har iallfall industrien vorte mykje grønare dei siste åra. I tillegg skal fabrikken i Tyssedal no kutte over 90 prosent av utsleppa, så Odda er verkeleg i teten. Det Odda og andre industristader kan gjere i tillegg til å gjere den eksisterande industrien grønare, er å satse på ny grøn industri, meiner Mikkelsen.
LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?
Faktaboks
Vetle Mikkelsen vann skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om kva me skal leva av i framtida. Han får førstepremien på 2000 kroner. Juryen vil også gi heider til bidraga til Astrid Underlid og Liva Rindom Tofte. Dei får bøker tilsendt i posten.