– Over 90 prosent av maten i butikkane kan gjera deg sjuk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- 90 % av maten kan gjera deg sjuk

Saka er henta frå bloggen Utenfilter.net

Det har aldri vore fleire konserveringsmiddel, sprøytemiddel og andre kjemiske substansar i maten me kjøper i daglegbutikkane i dag. Skal me stole på dei offisielle råda frå Mattilsynet er maten likevel heilt trygg, og det er ingen grunn til bekymring så lenge ein har eit variert kosthald.

Eller…?

Eva Fjeldstad bestemte seg for å skrive boka «Takk for maten?» basert på den uavhengige forskninga som er gjort på dei mange kjemikaliane som vert nytta i moderne matproduksjon, og hennar konklusjon er skremmande. Opptil 90 prosent av maten som vert seld i norske butikkar inneheld så mykje giftstoffer at ho meiner det på sikt kan gjere oss sjuke, og at svært mange nordmenn i dag lever med sjukdommar som er forårsaka av giftstoffer i maten.

– Over 90 prosent av maten i butikkane inneheld konserveringsmidler og sprøytemidler. Desse stoffa drep tarmbakterier, og dreper du tarmbakterier blir du faktisk sjuk, seier Fjeldstad til Uten Filter.

– Helsa blir langsomt dårlegare fordi desse bakteriane sakte men sikkert vert øydelagt.

Ho meiner svært mange sjukdommer har utspring i endring av bakteriefloraen i tarmane, som fibromyalgi, ME, leddgikt, diabetes, allergi og kreft.

Fjeldstad åtvarar folk om å stole blindt på dei offisielle kostholdsråda frå styresmaktene, og viser til at grenseverdiane stadig vekk vert auka.

– Mattilsynet hevar heile tida grensene etter kvart som andre land og det norske landbruket treng å nytte meir sprøytemiddel, seier Fjeldstad som viser til at resistensen hos plantene gjer at det stadig er større behov for å auke mengda sprøytemidlar.

– Meiner du at Mattilsynet vert styrt av industrien?

– Det er veldig freistande å svare ja på det spørsmålet.

Du kan lese kva Mattilsynet meiner om nokre av påstandane til Fjeldstad i denne Bergens Tidende-artikkelen.

Eva Fjeldstad er utdanna homøopat og har i ei årrekke arbeidd med fordøyelsesrelaterte helseplagar, og underviser deltid på Tunsberg medisinske skole.

Høyr også episode 1 av Uten Filter, med Siri Helle, som også handla om matproduksjonen.

Korleis ser mat-framtida ut? Må alle bli vegetarianarar?

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.

Du finn Utenfilter.net på Facebook, Twitter og iTunes