Ungdom til kamp mot mobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

– Eg har opplevd å bli baksnakka og utestengd, det er ein del av mobberegisteret, seier ungdomskuleeleven Vibeke Escher.

Saman med Brede Grønningen, Preben Heimvik og Trym Vårdal utgjer ho ungdomsteamet som skal ut på tre barneskular for å snakka om mobbing.

Det er MOT Kvinnherad som står bak prosjektet «Frå ungdom til ungdom».

LES OGSÅ: Mest digital mobbing via Snapchat

I denne omgang er det fjerde- til sjuandeklassingane på Undarheim, Skarveland, Valen og Sunde skule som har fått tilbod om å få besøk av desse fire ungdomane.

Dei fire meiner det er stor forskjell på mobbinga som skjer på barneskulen, ungdomskulen og i den vidaregåande skulen.

– På barneskulen er mest fysisk og alvorleg mobbing. Når ein kjem opp på ungdomskulesteget, er det mindre fysisk, men meir digital mobbing. Men når ein kjem på vidaregåande, vert det stort sett slutt på mobbinga, meiner Brede Grønningen.

Han og Trym Vårdal er elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule, medan Preben Heimvik og Vibeke Escher er elevar ved Husnes ungdomsskule.

– Eg har ikkje opplevd å bli mobba sjølv, men har sett andre bli det, seier Trym.

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

Ifølgje Veronica Thorsen og Karoline Solheim i MOT Kvinnherad, skal dei fire vera store førebilde for andre elevar.

– Vi har eit program vi skal gjennom når vi kjem ut på skulane. Her skal vi mellom anna snakka om kven som mobbar og korleis nokon mobbar, forklarer Preben Heimvik.

Målet med prosjektet er sjølvsagt å få bort problemet mobbing blant ungdom. Ved å koma ut til skulane, kan dei nå både dei som mobbar, dei som vert utsett for mobbing og ikkje minst dei som er vitne til mobbing.

– Dei som vert mobba gjev ofte ikkje beskjed til nokon om det, det same skjer med dei som utfører mobbinga, dei fortel det heller ikkje til nokon. Det er på ein måte dei som står midt mellom mobbar og mobbeoffer som må gje beskjed, meiner Trym Våge.

Dei fire gler seg til å ta fatt på prosjektet.

– Eg er litt nervøs, men gler meg veldig, seier Vibeke.

LES OGSÅ: Regjeringa vil innføre mobbebøter

Faktaboks

MOT vart etablert i Noreg i 1997 av skøyteløparane Johann Olav Koss og Atle Vårvik.

Målet er å bevisstgjera og styrka ungdom sitt mot – til å leva, bry seg og seia nei

MOT arbeidar saman med om lag 300 skular og når 65.000 ungdommar over heile landet

I samarbeid med lokale MOT-medarbeidarar vert det kvart år gjennomført over 15.000 MOT-møter

Slik vil MOT jobba mot mobbing, mistrivsel, gruppepress, einsemd og rusmisbruk

MOT er òg etablert i Sør-Afrika, Thailand og Danmark

Kjelde: MOT.no