Optimistisk FN-rapport om klimautslepp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er framleis mogleg å nå det globale togradarsmålet, og utsleppa per verdsborgar vil bli reduserte med 8 prosent innan ti år, konkluderer ein ny rapport frå FNs klimakonvensjon.

Rapporten, som vart publisert fredag, er ein gjennomgang av dei nasjonale klimaløfta som er lagt fram framfor klimatoppmøtet i Paris seinare i år. Verknadane av 146 nasjonale klimaplanar er analyserte, og FNs klimakonvensjon meiner å ha funne ut at dei saman kan senke dei globale utsleppa «dramatisk».

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Blant funna i rapporten er at summen av løfta vil redusere dei globale utsleppa av klimagassar per person med 8 prosent innan 2025, og med 9 prosent innan 2030.

Vidare blir det hevda at det er mogleg å nå togradarsmålet for temperaturstiging som det vart semje om under toppmøtet i København i 2009. Men då må løfta skjerpast i åra som kjem.

– Klimaløfta kan avgrense den venta temperaturstigninga til rundt 2,7 grader fram til 2100. Det er på ingen måte nok, men mykje lågare enn dei fire-fem gradene mange spådde før klimaløfta vart introduserte, seier FNs klimasjef Christiana Figueres.

Ifølgje rapporten vil klimaløfta bremse av den globale utsleppsveksten med omtrent ein tredel mellom 2010 og 2030, samanlikna med perioden 1990 til 2010. (©NPK)

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima