Sjå eit lyn bli fødd!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fanga fødselen til eit lyn

Det er ikkje enkelt å få auge på det når du ser eit lyn på himmelen. Men no har to forskarar ved det polytekniske universitetet i Catalonia brukt eit høgfartskamera til å fanga starten på eit lyn, heilt fri frå skyer.

Oppdaginga deira er no offentleggjort i tidsskriftet Nature.

Klippet som du kan sjå under er 32 sekund langt, men i røyndomen tar det berre 25 millisekund. Takka vera slow motion-effekten kan me følgja korleis lynet blir skapt.

Eit lyn byrjar med ei for-utladning der elektrona «slår opp» ein lynkanal der lufta blir ionisert. Dermed blir leiingsevna i lufta betre i kanalen enn utanfor, slik at hovudlynet følgjer kanalen. Det kraftige lysglimtet oppstår idet lufta blir ionisert og oppvarma, og torebraket kjem av at luftmolekyla blir skubba til sides og skaper ei trykkbølgje.

I videoen viser det seg ein sti av ionisert luft i bildet etter kring eit sekund på videoen. Etter dette breier lynet seg ut.

Les meir om lyn og torevêr i Allkunne!