Bør politiet gå med kroppskamera? Bør genteknologi vere lovleg? Kva med førarlause bilar? Bli med på dilemmasport!

Blant publikum manglar det ikkje på gråe hår, men på scena er det berre ungdomspolitikarar. På ei rekkje sit Mathilde Tybring-Gjedde, Nicholas Wilkinson, Anna Kvam og Tord Hustveit, alle politikarar frå Unge Høgre, Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom og Unge Venstre.

Dei skal delta i ein debatt litt utanom det vanlege. Astrofysikar, forfattar, bloggar og, denne dagen, programleiar, Eirik Newth, kallar det dilemmasport.

Ungdomspolitikarane har ikkje fått vite kva dilemma dei skal drøfte, i debatten arrangert av Fritt Ord og Polyteknisk forening på Litteraturhuset ein oktoberkveld. Temaet er «kva for framtid vil du ha?».

LES OGSÅ:Sjå – ein haikande robot

Vandrande overvakingskamera

Medan innleiarane ønskjer publikum velkomen til ein debatt om teknologi og samfunnsutvikling, får debattantane nokre minutt til å førebu seg.  Første spørsmål er bør politiet gå med kroppskamera på jobb?

Ifølgje Newth ønskjer politiet slike kamera sjølv.

– Dei kan vere nyttige i rettssaker, særleg for marginaliserte grupper som opplever forskjellsbehandling. På den andre sida gjer kameraa politiet til «vandrande overvakingsmaskiner». I tillegg er det ein tendens at teknisk bevis vert vekta over opplevingar i ein rettssak, sjølv om heller ikkje video-opptak fangar alle sider ved ei sak, innleier Newth.

Køyr debatt

Tord Hustveit er leiar i «personvernpartiet» Unge Venstre og opnar med litt klassisk Unge Venstre-skepsis. Tanken på at politiet alltid kan sjå deg, skremmer ungdomspolitikaren. Men samstundes:

– Vi må gjere ein analyse av kostnad og nytte. Slike kamera kan tyde ganske mykje for marginaliserte grupper.

Anna Kvam er talsperson i Grøn Ungdom. Ho er oppteken av kva som skjer med opptaka.

– Det vil vere avgjerande om politiet kan sikre opptaka på ein god måte. Og kva om dette gir politiet høve til å manipulere bevis? Det kan gi veldig høge kostnader for enkeltpersonar, seier ho.

LES OGSÅ:Nye forfattarar publiserer bøkene sine sjølv

– Om staten får makt, så bruker staten makta. Faren for overvaking skremmer meg, skyt SU-leiar Nicholas Wilkinson inn.

Mathilde Tybring-Gjedde peikar på at kroppskamera også inneber at politiet vert konstant overvaka på jobb.

– Om vi byrjar med ei yrkesgruppe, kan det kjennest lett å overføre til andre grupper, trur Tybring-Gjedde, som er sentralstyremedlem i Unge Høgre.

Panelet er overraskande samstemte i føremonene og ulempene med politikamera.

SU-Nicolas får nest siste ord:

– Til sist handlar det om kor mykje vi vil ofre av personvern for på samfunnets alter.

Unge Venstre-Tord avsluttar:

– Eg er veldig teknologioptimistisk, samstundes som er eg redd for at dette kan verte ein slippery slope for overvaking. Hadde eg vore amerikanar hadde eg nok vore for, men i norsk kontekst er det langt mindre aktuelt med slike kamera. Ein annan fare er at overvakinga kan einsrette oss.  

Førarlause bilar

Google Noreg-sjef Jan Grønbech er ein av innleiarane denne kvelden, og har hevda at førarlause bilar er ein av megatrendane verda står overfor. Etter å ha blitt testa på sine synspunkt om genteknolgi, står spørsmålet om førarlause bilar for tur for panelet.

SU-Nicolas tenner umiddelbart på ideen om at slike som han ikkje lenger skal sitje bak rattet:

– Undersøkingar syner at dei fleste meiner dei er gjennomsnittlege sjåførar, unnateke unge menn, som meiner dei er betre enn gjennomsnittet til å køyre bil. Førarlause bilar vil få slike som meg av vegen, og det er veldig bra. Vi er forferdelege sjåførar! Men eg lurer på kven som skal eige denne teknologien. Om eit selskap sit med makt til å lamme heile trafikken, er det problematisk. Eg meiner at teknologi bør verte handsama som naturressursar, seier han.

Anna i Grøn Ungdom ser nokre føremoner for miljøet med førarlause bilar.

– Førarlause bilar gjere at fleire kan dele bil, fordi bilen sjølv kan køyre mellom dei ulike brukarane. Dermed kan det bli færre bilar totalt.

LES OGSÅ:Har du fått med deg siste apenytt?

– Det er ikkje eit spørsmål om vi skal ha førarlause bilar, men heller kva tid og korleis vi skal regulere dei negative sidene, meiner Tord i Unge Venstre, og eksemplifiserer:

– Korleis skal til dømes forsikringsselskapa handtere ulukker og skader når sjåføren ikkje køyrer sjølv?

Mathilde i Unge Høgre rettar fokus mot endringane i arbeidsmarknaden, som førarlause bilar kan bidra til.

– Taxitenesta Uber har gjort mange rasande, og dei nye deleøkonomiane gjer at politikarane er i uvisse. Eg er grunnleggjande teknologioptimist, og veldig positiv til Uber. Samstundes kan ein frykte arbeidsløyse når nye løysingar ikkje skapar nye jobbar, seier ho.

– No gjelder det at politikarane kjem seg foran på slike typar straumningar, seier SU-Nicolas.

Anna Kvam får siste ord:

– Uansett er der nokre typar jobbar robotiseringa aldri kjem til å kunne erstatte. Det er dei relasjonelle omsorgsjobbane, seier ho.

LES OGSÅ:Traktordilla

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE