mm
Faktaboks

«Tid for ti» vil innehalde utdrag frå følgjande bøker:

Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle

Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag

Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland

Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo

Drakeguten av Asbjørn Rydland

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim

Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl

Rekrutten, grafisk roman av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs

Veslebror ser deg av Cory Doctorow

LES FAKTALUKK FAKTA

– Målet er å presentera nynorske kvalitetsbøker for elevar på 7. trinn. Me vil visa fram dei gode bøkene som finst og håpar det vil motivera elevane til å lesa meir, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Kvar er dei mannlege leseførebileta?

Ny nettside
I samarbeid med Nynorsksenteret lanserer dei i dag leselystprosjektet «Tid for ti», der hovudinnhaldet er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker.

Slik vil dei leggja til rette for at lærarane kan bruka nynorsk samtidslitteratur aktivt i klasserommet.

Lanseringa finn stad under Nynorskkonferansen i Bergen, som går føre seg 21.-22. oktober.

Her inviterer Nynorsksenteret både bibliotekarar, barnehagetilsette, lærarar og andre interesserte  for å snakka om nynorsk i opplæringa.

Aksjonen «Tid for ti» startar i januar 2016.

Då mottek dei påmelde skulane tilsaman 15.000 eksemplar av antologien med utdrag frå nynorske bøker.

I tillegg kjem ei eiga nettside med tekstane digitalt, lydfiler, aktivitetar og lærarressursar.

Målet er å vise fram breidde og kvalitet i nynorsk litteratur for elevar på 7. trinn.

LES OGSÅ: Bokmålselev: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

– Stort behov
Elevane skal få seia si meining om dei ulike utdraga, noko som vil vere avgjerande for kva slags bøker som eventuelt blir med neste skuleår.

Foreningen !les vonar nemleg at aksjonen vert eit årleg tiltak

– Det er eit behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, og spesielt med fokus på nynorsk. Kompetansemåla legg vekt på at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk. Samtidig kan aksjonen vere ein nyttig inngang til ungdomsskulen, seier Burås Storø, som håpar å gje elevane eigarskap til litteraturen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Samlaget, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum og Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore blant støttespelarane til leselystprosjektet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE