Startar designutdanning med Moods of Norway

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Moods med designutdanning

– Dette vert verdas beste praksisprogram, intet mindre, slår Wenche Flølo, dagleg leiar i designbyrået Farmhouse fast. 

Dei har med seg Moods of Norway og inviterer lokalt næringsliv med på laget for ei meir kommersielt retta utdanning.

Allereie hausten 2016 reknar dei med å starta det nye halvårige studiet Student Innovation Programme.

LES OGSÅ: Samlar seg for design i Stryn

Moods-hjelp
– Det er berre å køyra i gang. Høgskulestudium i Stryn er noko som aldri er gjort før, seier ein strålande nøgd Simen Staalnacke.

Framtida møter dagleg leiar Wenche Flølo og kreativ leiar Gro Flølo i designbyrået Farmhouse i lokala til Moods of Norway, som har engasjert seg i prosjektet for å få designutdanning til heimbygda Stryn.

Studiet er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og vil føregå på engelsk, slik at òg internasjonale studentar kan verte lokka til Stryn.

Nysatsinga er òg ein del av omdømmeprosjektet Designlandet, som tek sikte på å gjere Styn til ei attraktiv bygd for kreative hovud.

– Det vil vera med å underbyggja Stryn som ei designbygd. Det er eit stort sprik i næringslivet med både møblar, klede og buss. Dette vil verte ein fin blome i buketten, meiner Staalnacke, som stiller både nettverk og eigen kompetanse til rådigheit.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktor-avhengig

Praksisfokus
Halvårsstudiet er sett saman av to fag, som vil gje til saman 30 studiepoeng.

Det teoretiske faget, som er utvikla i samarbeid med Høgskulen i Volda, ventar framleis på endeleg godkjenning. Dette reknar dei med å ha på plass i løpet av hausten

Det praktiske faget har allereie vorte godkjent og vil uansett starte hausten 2016.

Og det er denne delen av programmet, som skil seg frå andre utdanningar.

Tanken er at studentane skal jobba prosjektbasert med idéutvikling på oppdrag for til dømes næringsliv eller offentleg sektor i regionen.

Sjølv har dei allereie gjort seg gode erfaringar med å sleppe studentar laus på oppdrag frå næringslivet.

LES OGSÅ: Kreativ tenking utan avgrensingar

Frå Sommarbyrå til studiepoeng
Designbyrået har utvikla studiet etter modell frå studenttiltaket Sommarbyrå, som dei arrangerte for første gang i 2007.

Studentar med bakgrunn frå mellom anna produktdesign, arkitektur og grafisk design har på oppdrag frå bedrifter, som skipsverftet Ulstein Group og  Coast Seafood, jobba med design og utviklingsprosjekt.

I fjor hadde sommarskulen rekord med 12 deltakarar, som jobba med 15 ulike prosjekt i løpet av sju veker.

Når skulen no vert flytta til hausten vonar systrene Flølo at det vert enno meir gunstig for lokalt næringsliv å nytta seg av unge kreative hovud.

– Modellen er at bedriftene som kjem med oppdrag skal betala noko. I tillegg vil me invitera oppdragsgjevarane til ein del av førelesningane slik at kunden lærer mykje i prosessen, forklarar Wenche Flølo.

Ho er overtydd om at dei som privat aktør har eit føremon i møte med kommersielle interesser, samanlikna med høgskulane.

Motivasjon
Dei kreative damene håpar at prosjektet vil ha positive effektar på rekrutteringa og gründerånda i regionen, som allereie har eit godt rykte.

No står berre endeleg godkjenning og finansiering att, før den nye utdanninga kan starta.

Studiet er tilpassa folk med kreative utdanningar, men òg folk med IKT eller marknadsføringskompetanse vert oppmoda til å søkja.

Slik kan arbeidet verta mest mogleg tverrfagleg.

På sikt håpar Farmhouse at opplegget kan verta ein suksessmodell, som kan overførast til andre stader i verda.