Farleg å vere bonde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er framleis farleg å vere gardbrukar. Ulykkesfrekvensen har vore stabil i 25 år, seier forskar Oddveig Storstad ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) til Nationen.

Denne veka var ho og andre forskarar og fagpersonar samla i Stjørdal på konferansen «Ikke en bonde å miste».

LES OGSÅ: KrF og Venstre seier nei til skattesmell for bønder

Sjølv om talet på dødsulukker har gått ned, har det blitt mange færre gardsbruk. Samtidig går mange ulykker i gløymeboka. Dei blir aldri rapportert inn, og dei vert heller ikkje prata om blant bøndene sjølv. Trass i stort fokus på HMS i landbruket med kursing og forsking, er det inga betring, ifølgje Storstad.

LES OGSÅ: Listhaug vil skaffe fleire unge bønder

Norsk Landbruksrådgiving HMS jobbar for færre arbeidsulukker i landbruket. Fagsjef Jan Elgvang er usamd i at det ikkje har skjedd betringar innan sikkerheita blant bøndene. Han meiner statistikken over ulykker kunne sett mykje verre ut om dei ikkje hadde jobba førebyggjande.

– Eg meiner å jobbe førebyggjande betyr noko. Risikobiletet er noko heilt anna no enn for 25 år sidan og ein kan ikkje samanlikne det med det som er i dag. Det er tyngre maskiner, bonden spring fortare, det er større krav til effektivitet og arbeidsdagane er lengre, seier Elgvang. (©NPK)