Kripos: Overgrep mot barn på nettet aukar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overgrep mot barn på nettet aukar

Kripos har registrert ein auke i talet på barn som blir utsette for utpressing og blir manipulerte til å delta i seksuelle aktivitetar på internett.

LES OGSÅ: Åtvarar mot sexutpressing på nettet

Meir grooming

VG skriv at talet på meldingar av såkalla grooming har auka med 83 prosent dei to siste åra. Omgrepet blir brukt om saker der vaksne menneske byggjer opp eit tillitsforhold til barn over Internett med mål om å utnytte dei seksuelt.

– Sjølv om det er vanskeleg å talfeste det reelle omfanget, ser vi på det som eit aukande problem at barn blir kontakta på internett av potensielle overgriparar. Dette kan skje gjennom lokking med gåver eller eit tilbod for å møtast fysisk. Eller barnet kan lurast til å kle av seg eller gjere seksuelle handlingar med seg sjølv framfor webkamera. Desse bileta og filmane kan seinare brukast til utpressing, seier presseansvarleg i Kripos Ida Dahl Nilssen til avisa.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Me må ta eit oppgjer med desse tabu belagde temaa

Dobbelt så mange
I dei første fire månadane i år vart det registrert 262 meldingar for seksuell handling med barn under 16 år, noko som inneber ein auke på 105 prosent frå same periode i fjor. Ei rad av tilfella der barn blir lurt til å kle av seg framfor webkamera og liknande, blir registrerte under denne regelen. (©NPK)