Fire døde av Svartedauden i USA i år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA: Fire døde av Svartedauden

Pesten som utrydda halvparten av europearane på 1300-talet – svartedauden – lever framleis i USA, der han tar menneskeliv den dag i dag. Det er ikkje berre lett å utrydda pesten, seier Verdshelseorganisasjonen (WHO), ifølgje BBC.

I dag er sjukdommen avgrensa til Madagaskar, i Kongo, Peru – og det som kanskje overraskar mest: han tar framleis liv i USA.

LES OGSÅ:Sjå Bergen – året etter Svartedauden kom!

Hittil i år har 15 amerikanarar blitt smitta av sjukdommen. Fire av dei er døde. Vanlegvis er det i gjennomsnitt sju smittetilfelle per år.

Sidan 2000 har det til no vore 12 dødsfall i USA på grunn av svartedauden, ifølgje BBC.

Blir smitta av lopper
Sjukdommen kom med skipsrotter til det amerikanske kontinentet på 1900-talet. I USA spreidde rottene sjukdommen til andre rotter og mus. I dag er det præriehundar som er hovudsmittekjelda. Dei ber med seg infiserte lopper, som òg ilderar og gauper er berarar av.

Svartedauden kjem av bakterien Yersinia pestis og smittar som regel frå dyr til menneske via lopper.

Utan behandling er dødsrata 30 til 60 prosent, men behandling med antibiotika er effektivt dersom pasientane får ein diagnose tidleg.

LES OGSÅ:Frikjenner rottene for Svartedauden

Faktaboks

Svartedauden er namnet på pestsjukdommen som herja i Europa i tida frå 1347 til 1351. I tida før hadde sjukdomen herja i Asia.
Svartedauden kom eigentleg til Noreg i 1348. Det var eit lite, isolert utbrot i Oslo, som den gongen var ein utkant.
I 1349 kom pesten med eit handelsskip til Bjørgvin (Bergen), og spreidde seg utover landet. Ein reknar med at pesten førde til at folketalet i Noreg gjekk ned til kring halvdelen.

Les meir på Wikipedia!