Talet på flyktningbarn under 15 år i Noreg eksploderer. Kommunane har slutta å ta imot dei.

NPK-NTB
NPK-NTB

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) slår no alarm. For barn under 15 år er det no nesten full stopp i busetjinga, fortel NRK.

– Det vi har sett dei siste vekene, er at svært få kommunar er interessert i å busetja denne aldersgruppa, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.

500 mindreårige ventar no på å få ein heim i ein kommune. Berre sist veke kom 212 til Noreg, 42 var under 15 år. Den same veka blei ingen barn busette. Godt over halvparten av dei 212 er frå Afghanistan.

Så langt i 2015 har over 2.900 under 18 år søkt asyl – mot 1.204 i heile fjor. Av 819 asylvedtak hittil i år har over 90 prosent enda med opphald.

Les meir om asylbarn og rettar her!

Hopar seg opp på omsorgssenter
– Dette er ein kritisk situasjon på mange område, seier Trommald.

No hopar det seg opp med barn på omsorgssentera, der dei under 15 år blitt tekne vare på av det statlege barnevernet til dei blir busett i eit kommunalt bufellesskap eller i ein fosterheim.

Berre 37 av dei 428 kommunane i landet har busett flyktningar under 15 år i 2015.

Utryggleik rundt finansiering får skulda. Før fekk kommunane refundert hundre prosent av barnevernsutgiftene for denne gruppa, men i 2014 blei dette redusert til 80 prosent.

Nesten berre gutar
Ifølgje UDI er dei fleste einslege mindreårige som kjem til Noreg, gutar. Delen i første halvår var 88 prosent. Vel halvparten, 53 prosent opplyser at dei er 16 eller 17 år gamle.

Gjennomsnittskostnadene for bebuarar i mottak var i fjor 152.000 kroner per år for ein vaksen asylsøkjar. For mindreårige blir kostnaden tredobla til 462.000 kroner året, viser tal frå UDI.

Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år blir oftast busett i fosterheim. Bukollektiv er den vanlegaste løysinga for dei mellom 15 og 18 år. Enkelte bur åleine, men får tilsyn.

I tala NTB henta inn frå UDI frå 2014, viser det seg at nesten éin av fem, 17 prosent, som opplyste at dei var mindreårige, viste seg å vera over 18 år.

LES OGSÅ: Bråkmakar for barns rettar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE