Russ og andre som festar mykje er ekstra utsett for å bli sjuke.

mm
Faktaboks

Risikoen for å utvikla meningokokksjukdom kan også reduserast ved å følgja desse råda:

• Ta deg tid til å sova ut. Kroppen treng kvile.
• Husk at såre slimhinner er meir mottakelege for infeksjonar. Ta vare på stemma og halsen din.
• Førebygg dråpesmitte, blant anna ved å ikkje drikka av same flaske/boks/glas som andre og ikkje dela sigarettar.
• Unngå for mykje alkohol. Når du er berusa vil dømmekrafta di bli redusert, og symptom på meningokokksykdom kan forvekslast med teikn på for mykje alkohol.
• Skaff lege dersom du trur vennene dine kan vera sjuke. Ta ansvar for kvarandre dersom nokon er sløve eller har feber.

Les meir om smittsam hjernehinnebetennelse hos Folkehelseinstituttet!

LES FAKTALUKK FAKTA

Folkehelseinstituttet oppmodar no alle elevar i vidaregåande skule om å vurdera å ta vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse, ikkje minst dei som skal vere med på russefeiring til våren.

Ein kombinasjon av tett omgang med andre ungdommar, festing og lite søvn kan auka risikoen for smitte og for at sjukdommen får alvorlege følgjer. Dette gjelder både russ og andre ungdommer som festar mykje.

For første gong meiner Folkehelsa at også sekstenåringane no bør vurdera å vaksinera seg mot meningokokksjukdom type A+C+W+Y.

LES OGSÅ: Rusforskar ber unge slappe av og drikke litt 

Dei siste fem åra er det registrert mellom to og åtte tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse blant ungdom i aldersgruppa 16– 19 år. Dei fleste av dei er ungdom som var med på russefeiring.

Vaksinen bør takast i god tid før russefeiringa og gir vern mot dei mest vanlege typane meningokokkar i fleire år. For den som vaksinerer seg førsteåret i vidaregåande, varer vaksinen ut russetida og endå ei tid etter det.

Det finst òg vaksine mot den mindre vanlege meningokokksjukdom type B, men den tilrår Folkehelsa berre til personar som av ulike grunnar har eit svekt immunforsvar.

LES OGSÅ: Her feirar russen hardast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE