Nynorsk ordliste er selt meir enn den nynorske Bibelen.

mm
Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. Det nye testamentet blei omsett til nordsamisk i 1840 og heile Bibelen i 1895
2. Det nye testamentet var omsett til nynorsk i 1889 og heie Bibelen i 1921
3. Heile Bibelen låg føre på dansknorsk i 1904 og fornorska bokmål i 1930
4. I 2011 og 2015 kom to ulike omsetjingar av Det nye testamentet ut på nynorsk
5. I 1965 hadde Einar Seim omsett heile Koranen til nynorsk. Boka er aldri utgitt

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Bibelen er utan konkurranse om å vera verdas mest selde bok. Boka er selt i kring fem milliardar eksemplar, og omsett til over 2400 språk. På dei fleste språka i verda er boka den mest selde.

I Noreg er det selt 10 millionar biblar sidan 1899. 8,4 millionar eksemplar på bokmål og 1,6 millionar eksemplar på nynorsk.

Men det er likevel ikkje nok til å gjera Bibelen til den mest selde nynorske boka.

Sidan Einar Breidsvoll og Knut Liestøl kom med den første utgåva av Nynorsk ordliste i 1938, har ordlista blitt selt i over 2,7 millionar eksemplar.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

– Seier noko om skuleverket
I 20 år har Ottar Grepstad arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda».

Han prøver seg på denne forklaringa på kvifor ordlista toppar dei nynorske salslistene:

– Det seier noko om skuleverket vårt, og kor institusjonalisert det er at alle skal skriva nynorsk i skulen. Av nynorskbrukarane er det nok nokon som er usikre og vande med å bruka ordlista. Så er det ein del som skriva nynorsk gjennom arbeidet sitt som i alle fall er usikre, og bruker ordlista fordi dei treng ho.

LES OGSÅ:Sov i kø for ny Bibel

– Dette kan skrivast masteroppgåve om
Samstundes peikar Grepstad på at dette ikkje er med på å forklara kvifor Bibelen på nynorsk har så pass stor del selde bøker. Med 16 prosent av bibelsalet, er dette ein høgare marknadsdel for nynorsk enn på nokon annan del av bokmarknaden.

– Dette kan det skrivast masteroppgåver om, seier direktøren ved Nynorsk kultursentrum.

Ifølgje Grepstad er kyrkja den samfunnsinstitusjonen i Noreg som har den klaraste språkpolitiske praksisen. Nynorsken står relativt sterkare i kyrkja enn i andre delar av samfunnet. Av nærmare 1300 kyrkjesokn i 2015 brukte 385 sokn eller 30 prosent nynorsk liturgi. Forholdet 30–70 mellom nynorsk og bokmål blei etablert alt før 1940 og har endra seg svært lite seinare, skriv Ottar Grepstad.

Som nytt skriftspråk blei nynorsk sungen inn i kyrkja gjennom 150 salmar som Elias Blix skreiv før 1900. Frå 1893 var desse med i Landstads salmebok, som då var nesten einerådande i kyrkjelydane, og seinare har minst kvar femte i salmebøkene vore på nynorsk. Norsk salmebok blei teken i bruk i 2013, og der er fire av ti norske salmar på nynorsk.

LES OGSÅ:Norske prestar trur ikkje på bibelforteljingane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE