mm

«Eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling,» har regjeringa kalla forslaget til statsbudsjett for 2016

Her har dei mellom anna sett av pengar til 4000 nye plassar i ulike tiltak for å få folk utfor arbeidslivet i jobb. 1000 av desse er øyremerkt ungdom.

LES OGSÅ: Høyrslehemma Andreas brukte ti år på å få jobb

Unge funksjonshemmede er overraska og skuffa over at tiltak for ungdom med nedsett arbeidsevne ikkje vert prioritert.

– Det er fint lite å finna om nye ressursar og prioriteringar i NAV knytt til ungdom med nedsett funksjonsevne, og det kjem ingen nye tiltaksplassar for personer med nedsett arbeidsevne, seier generalsekretær Lars Rottem Krangnes i ei pressemelding.

Tøffare tider
Statistisk sentralbyrås arbeidskraftsundersøking anslår at berre 40 prosent av personar i arbeidsfør alder med nedsett funksjonsevne faktisk er i jobb.

Krangnes fryktar at den manglande satsinga vil gå utover unge med nedsett funksjonsevne, no når Noreg står ovanfor tøffare tider på arbeidsmarknaden.

Organisasjonen peikar òg på at ungdom med nedsett funksjonsevne slit med å få tilrettelagte lærlingplassar. Her etterlyser Unge funksjonshemmede tøffare innsats for å nå målet.

–  Utdanning er enno viktigare for at ungdom med nedsett funksjonsevne skal kome i jobb, enn for andre grupper. Me veit òg at mange fell frå allereie i vidaregående skule, mellom anna på grunn av manglande lærlingplass.

TEST DEG SJØLV: Forstår du teiknspråk?

NAV-kompetanse
Unge funksjonshemmede etterlyser no ei tydlegare satsing og prioritering i NAV.

– NAV-kontora treng meir ungdomskompetanse og ressursar for å følgja opp unge med nedsett funksjonsevne og potensielle arbeidsgjevarar raskare og betre enn i dag, fastslår Krangnes. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE