Nynorske bøker vinn oftare prisar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre gonger betre enn bokmålsbøker?

Mellom 1934 og 2014 blei det delt ut 1270 litterære prisar. 23 prosent av dei var på nynorsk, men berre sju prosent av alle bøker er på nynorsk. Det vil seia at nynorskbøkene har vunne prisar meir enn tre gonger så mykje som talet på bøker skulle tilseie.

Nynorske bøker er ikkje nødvendigvis betre enn bøker på bokmål, men blant dei beste bøkene er relativt fleire på nynorsk enn på bokmål.

No blir 39 litterære prisar delte ut, dei fleste årleg, og då er ikkje prisar til bøker på eitt språk tekne med. Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

I 20 år har han arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda». Direktøren i Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eit nytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle. 

Få SISTE BOKNYTT på epost!

Forlag av alle slag i Noreg gav i 2014 ut 9700 bøker og småskrifter. 650 var på nynorsk, 7200 på bokmål, 60 på samiske språk og 1600 på engelsk. Sju prosent var dermed på nynorsk, medan jamt fleire bøker på engelsk hadde redusert bokmålsdelen til 74 prosent.

I 2015 var 70.000 bøker i sal gjennom bokhandlane. 87 prosent av dei var på bokmål, 11 prosent på nynorsk. Utanom skulebøker var tilbodet på nynorsk størst innanfor nyskriven skjønnlitteratur for born eller vaksne. I begge desse bokgruppene var 22 prosent av bøkene på nynorsk.

Les fleire bokmeldingar her!

Har du tips til gode nynorske bøker? Del i kommentarfeltet!

Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. Til og med 2014 var det gitt ut 1179 bøker på eit samisk språk

2. Frå og med 1938 har Det Norske Samlaget selt 2.703.462 eksemplar av Nynorsk ordliste

3. Av 70.217 bøker i sal gjennom bokhandlar i 2015 var 6 484 utgitt før 2000

4. Kvar tredje nynorskbok i sal i 2015 er utgitt av Det Norske Samlaget

5. Nynorske omsetjarar har fått 28 prosent av alle prisar for gjendikting og omsetjing

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no