Bølle? Buse? Ball?

Årets statsbudsjett er eit bøllebudsjett.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: – Eit bøllebudsjett

Okei. Det er ikkje perfekt. Eg ser det. Men kva med denne:

Årets statsbudsjett er eit banjobudsjett.

Nei. Det blei berre rart.

Bingobudsjett?

Ser litt tøft ut. Men kva betyr det? La meg prøve pånoko anna enn budsjettet. Kva med denne:

Det norske fotballandslaget til Per-Mathias Høgmo speler fjortis-fotball.

Nei. Det funkar heller ikkje.

Dette er ikkje lett. Men eg kan ikkje gi meg. Aldri gi meg. Ein måfølgje draumen. Vi som skriv i avisa drøymer om mykje. Dagsnytt Atten. Åskrive i ei litt større avis. Åskrive bok. Spele i band. Og sådrøymer vi om åein dag finne pådette ordet eller uttrykket som definerer eit fenomen og debatten om det, eit ord som blir huska minst like lenge som saka det omhandlar.

Nokon kom for eksempel i si tid påuttrykket «gyllen fallskjerm». Og denne nokon er sikkert skikkelig irritert no for at eg skriv «nokon»og ikkje namnet. Men eg nektar åskrive namnet. For eg er misunnelig. For det er slik ein vil bli hugsa. Som den som skapte eit omgrep som gjorde det klart for alle kva dette eigentlig handlar om og kva ein skal meine om det.

Og denne veka har nokon gjort det igjen. «Moroskatten»var det nokon som kom pååkalle momsauken som kan gjere alt som er artig litt dyrare: Kino, fornøyelsesparkar, hotell, fotballkampar, buss.

Det er grenser for kort artig det er med buss, sjølvsagt, men det er ikkje poenget. Poenget er at dette ordet gjer det umulig åmeine meir enn ein ting om saka. Moroskatten. Vips, såer diskusjonen over. Det er ingen som har lyst til åvere for skatt påalt som er moro. Og buss.

Og nettopp dette er ein suksessfaktor om ein skal finne påeit ord som går inn i språket. Det måvere litt dumt. Det måvere noko det berre er teitingar som kan like.  

Og såbør det vere eit rim involvert. Det manglar i moroskatten. Derfor har eg eit håp om at dette ordet kanskje ikkje kjem til åståseg. For nesten alle uttrykka som ikkje blir gløymde, har eit bokstav-rim eller eit anna slags rim.

Brustad-bu, for eksempel. Som nokon fann pååkalle dei småbutikkane som skulle fålov til åselje mjølk og zalo påsøndagar. Oppkalla etter statsråden som la fram forslaget: Sylvia Brustad. Det var i 1997. Det er nesten tjue år sidan. Folk hugsar det enno. Du finn det påWikipedia. Ingen hugsar såmykje anna Sylvia Brustad fekk til. Og det er jo nettopp dette vi drøymer om, vi som er opptatte av politikk og samfunn og skriv i avisa: Åskape eit uttrykk som reduserer lange politiske karrierar til eit rim. 

Fjose-pose? Eg kjenner uttrykket. Og eg var knapt født dådet dukka opp. Fjose-posen var den nøytrale, reklame- og logofrie polposen påsyttitalet. Oppkalla etter den dåverande sosialministeren fråKrF. Som heitte Bergfrid Fjose. Påordentlig. Ikkje spør meg kva Bergfrid Fjose elles fekk til i løpet av eit langt liv i politikken.

Det skal seiast: Dei hadde lettare arbeidsvilkår før, dei som skulle finne påartige ord som rimte. Kor vanskelig kan det vere åkomme påtøyseord når ein har statsrådar som faktisk heiter Fjose? Kva statsråd-namn har vi åjobbe med no? Jensen? Kva rimar pådet? Ikkje svar.

Banjobudsjett. Bøllebusjett. Bingobudsjett. Fjortis-fotball. Desse uttrykka har bokstavrim. Men dei har ikkje såmykje anna. Eg ser det. Skal ordet slåan, mådet ogsåha noko med saka ågjere. Og det måvere litt søtt. Det målikne litt pånoko du kunne ha sagt til kjærasten din. Moroskatten min. Fjoseposen min. Eg skal gi deg gyllen fallskjerm, baby.

Banjobudsjett når ikkje opp. Eg forstår det.

Men eg gir meg aldri. Ein dag skal eg bli nokon.


Først publisert i Aftenposten 10. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!