Patti Smith på nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Natta er vår» syng Kari Harneshaug.

Du dreg kanskje ikkje kjensel på tittelen, men det er den nynorske versjonen av Patti Smith-låta «Because the night».

Teksta er omsett av ein ydmyk Brit Bildøen, som kom med ikkje mindre enn tre forslag til korleis det legendariske refrenget skulle låta på nynorsk.

Rockelegende
Den amerikanske multikunstnaren Patti Smith er populær som aldri før. Tidlegare i år inviterte ho Jo Nesbø til å spele med seg under Norwegian Wood-festivalen. Ei stor ære for ein av verdas største krimforfattarar.

70-åringen er kjent som «pønkens gudmor» har skrive både bøker, dikt og legendariske songtekstar – som no er omsett til norsk.

– Patti Smith er mange ting, men ho er først og fremst poet. Det er ikkje komplekse melodiar, men det er kompleks formidling. Det opplevast veldig ekte og er noko eg kan relatere til. Eg vert inspirert av ho som menneske, av å lese bøkene hennar og høyre tekstane hennar, men òg av å berre høyre på eit intervju. Ho er ein tenkjar, som eg opplever som veldig reflektert og spennande, seier Kari Harneshaug på telefon til Framtida.no.

Dei siste åra har 28-åringen frå Sandøy vorte mykje betre kjent med legenda Patti Smith, ofte kalla «pønkens gudmor».

LES OGSÅ: Suksess for Patti Smith på Samlaget 

Dikt med tonar
Det heile byrja hausten 2013. Trondheim folkebibliotek spurde Harneshaug om ho kunne framføra tre Patti Smith låtar i samband med eit arrangement for den norske omsettinga av biografien Just kids, utgitt på Samlaget.

Omsettar Brit Bildøen deltok òg.

I tillegg til henne, fekk Samlaget-forfattarane Agnes Ravatn og Ragnar Hovland i oppdrag å omsette ei låt kvar.  

Musikkprosjektet gav meirsmak og Harneshaug fekk støtte frå Kulturrådet til å omsette fleire Patti Smith låtar.

Dei tre forfattarane har fått frie tøylar og Harneshaug tykkjer låtane gjer seg godt på nynorsk, sjølv om betoning, rytme og frasering kan verte annleis enn på engelsk.

LES OGSÅ: Dylan på nynorsk 

Forfattarglede
Bildøen har hatt eit nært forhold til Patti Smith frå ungdommen av. Eit forhold som berre har blitt sterkare etter at ho omsette sjølvbiografien hennar «Just kids» for Samlaget.  I desse dagar er ho i gang med å omsette andreboka «M Train», som truleg kjem ut på norsk over nyttår.

– Noko av det Patti har sagt sjølv i intervju er at dei som ser på ho som musikar ikkje har forstått nokon ting. Ho ser på seg sjølv først og fremst som ein preformer. Ho byrja jo med å skrive dikt, før ho framførte dei med musikk til og vart rockeartist. No er ho tilbake som forfattar, og eg trur det er der ho heile tida ville vere. Det passar ho. Eg elskar å sjå ho på scena, der ho har ein fantastisk autoritet og utstråling, men eg tykkjer det er kjekt at ho no konsentrerer seg om å skrive veldig fine bøker, seier Bildøen, som seinast førre helg såg Smith bli intervjua på scena i New York. 

Frå Littlarm til Hauge-senteret
Harneshaug har framført songar som «Vi er fuglar» («Birdland»), «Gratis pengar» («Free money») og «Danse berrføtt» («Dancing barefoot» på litteraturarrangementet Littlarm under Bygdalarm i Øystese.

I kveld er ho og gitarist Karl Klaseie i Ulsteinvik for å spela på Hauge-senteret.

Målet på sikt er å få spelt inn ei plate med Patti Smith på nynorsk.

Og det er ikkje tvil om at Smith er ei dame Harneshaug har teke med seg vidare. Når livet buttar i mot ser ho på eit spesielt intervju med Patti Smith, som snakkar om kunsten og meininga med livet.

Sjå intervjuet her: