Frå pels til hjorteoppdrett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Dei har vore her ei veke no, og er framleis noko sky, fortel Jan Eldar Hovdenakk, medan han ristar på bøtta med kraftfôr for å prøve å lokke hjortane fram frå skogen.

Eit 25 mål stort område på Hovdenakken er gjerda inne med eit 2,70 meter høgt gjerde.

–Det var årets sommarferie-syssel, kommenterer Hans Nicolai Hovdenakk, og fortel om ein regnvåt sommar med mykje utearbeid for å gjere garden klar til å ta imot hjortedyra.

LES OGSÅ: Frå pelsdyr til hjort i Hovdenakken

– Men arbeidet var verdt det. Det er godt å ha dyr på garden, og det er fredeleg og fint å observere dei. Det er som terapi. Det er fantastiske dyr. Elegante og tillitsfulle, seier han.

Dei satsar på hjorteoppdrett i ein av landets største hjortekommunar, men dei har trua på at det er plass til dei også.

– Sjølv om Ørsta har tilgang på mykje hjort, er det ikkje alle som kjenner ein jeger eller får tilgang på kjøtet. Vi meiner det er ein marknad for dette her, og vi tenkjer større enn Ørsta. Kommunen vår har eit stort omland, seier Jan Eldar.

Slakteri
Hjorteoppdretten er eit familieprosjekt. Hans Nicolai står som dagleg leiar, men bror Per Andreas og far Jan Eldar har like mange fingrar med i spelet som han. På garden har dei konsesjon for 60 produksjonskoller. Om dei skal ta inn så mange veit dei ikkje enno.

–Vegen vert litt til medan vi går. Vi er aleine om å drive med dette i området. Det næraste er Stadlandet eller Skjåk, så vi må finne litt ut av dette sjølv, fortel dei.

LES OGSÅ: Gjer hjort til næring

I dag har dei seks dyr. Målet er å få 15 før jul.

Hjortekollene henta dei frå Svanøy. Der har dei også kursa seg i hjorteoppdrett og i partering og slakting av dyr.

– Vi ønskjer å etablere viltslakteri i gamlefjøsen, også for å kunne gje eit tilbod til jegerane i området.

Men då må dei gjennom ein ny søknadsprosess med kommunen først. Dei tek ting litt etter kvart, men ser føre seg at dei kanskje kan starte slakteriet i løpet av 2017.

– No satsar vi på at kollene vert med kalv og at vi får sjå resultatet av det i mai. Og kalvane må vere 1,5 år før vi slaktar dei, så det er enno noko tid før vi er i gang med salet av oppdrettskjøt, fortel Hans Nicolai.

Familien er takksame for all den gode responsen dei har fått etter at dei fortalde om satsinga si. Kommunen har gitt nødvendige løyve og også naboar har gitt klarsignal til hjorteoppdrettarane.

– Og så håper vi sjølvsagt at fleire ser nytta av denne næringa. Vi må tore å tenke litt nytt. På sikt, når vi er kjende med dyra og dei er van med staden, ser vi føre oss å kanskje invitere folk og grupper hit. Det er ei veldig spesiell kjensle å vere så nær innpå dyr som i utgangspunktet er ville. Kollene er eitt år no, og kan verte 20, så desse skal vi nok verte godt kjende med, seier Jan Eldar.