Ungdomsorganisasjonar reagerer på støttekutt

Regjeringa vil kutta over halve støtta til organisasjonar som informerer om utviklingsproblematikk. Det uroar fleire ungdomsparti og organisasjonar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonar reagerer på støttekutt

I fjor var informasjonsstøtta på om lag 91 millionar som Norad deler ut til ulike organisasjonar som søkjer om støtte.

I neste års statsbudsjett foreslår regjeringa å kutta støtta med 50 millionar.

– Svekkja vaktbikkja
Changemaker og Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) meiner kutta svekkjar engasjementet om utviklingsspørsmål og fryktar det vil gje ein dårlegare utviklingspolitikk.

Òg i fjor føreslo regjeringa å kutte i informasjonsstøtta i statsbudsjettet, eit forslag samarbeidspartiet KrF sette ein stoppar for.

Dette vonar ungdomspartia KrFU og Unge Venstre at skjer i år igjen.

– Kutta vil svekkja kvaliteten på norsk utviklingspolitikk og vaktbikkjerolla som sivilsamfunnet i Noreg har i dag. Ungdomsorganisasjonane har ei sentral rolle her, seier leiar i KrFU Emil Andre Erstad i ei pressemelding sendt ut av Changemaker.

Organisasjonane meiner midlane er ein billig måte å opplyse det norske folk på, i tillegg til at det er heilt avgjerande for ein opplyst debatt om både årsakar til og konsekvensane av den norske bistanden.

– Ein opplyst debatt og ungdomsengasjement fører til ein betre politikk. Informasjonsstøtta må ikkje strupast slik regjeringa no foreslår, slår Unge Venstre-leiar Tord Hustveit fast.

Kampanjehit og skatteparadis
I fjor fekk Changemaker 2 millionar kroner i informasjonsstøtte frå Norad, medan SAIH fekk 1,2 millionar.

Organisasjonane nemner Radiaid-kampanjen og implementeringa av land-for-land-rapporteringslova som eksempel på ting ein aldri ville sett om ikkje student- og ungdomsorganisasjonar gjekk i bresjen.

Etter press frå Changemaker og organisasjonar som moderorganisasjonen Kirkens Nødhjelp, Publish What You Pay, Tax Justice Network og Attac bestemte regjeringa seg for å innføra land-for-land-rapportering frå og med 1. januar i fjor. Ordninga skal gjere det vanskelegare for multinasjonale selskap gøyme pengar i skatteparadis.

Raidiaid-kampanjen frå 2012 freistar å setje fokus på skeive verdsframstillingar i bistandsbransjen. Musikkvideoen «Africa for Norway» fekk internasjonal merksemd og har i dag nesten 3 millionar visningar på Youtube.  Videoane «Let’s save Africa» har over 1,2 millionar visningar, medan fjorårets «Who  wants to be volunteer?» er sett 800.000 gongar.

–  Innstramminga vil ha størst konsekvensar for student- og ungdomsorganisasjonar der nasjonale samlingar er den viktigaste aktiviteten for å engasjera, skolera og mobilisera ungdom. Samlingane våre er heilt essensielle og gjer så samfunnsengasjerte studentar frå heile landet kan møtast og samla seg om å syta for politisk endring, seier leiar i SAIH Nicklas Poulsen Viki.

Les meir om statsbudsjettet her!