Fryktar helsesøsterpengar forsvinn – igjen

Elevorganisasjonen og Unge funksjonshemmede krev at regjeringa øyremerkar pengane til skulehelsetenesta, slik at dei ikkje forsvinn igjen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar pengane forsvinn

– Me er nøgde med at regjeringa høyrer på oss og tek mobbing på alvor, men det er kritikkverdig at dei gir 200 millionar kroner til skulehelsetenesta utan den vagaste idé om korleis pengane skal nå fram, seier leiar Kristoffer Hansen i ei pressemelding frå Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Psykologisk førstehjelp til ungdom

Motvillige lokalpolitikarar
Han meiner det er naivt å tru at kommunane prioriterer skulehelsetenesta og fryktar motvillige lokalpolitikarar vil prioritera andre ting.

Årets bevilling er like stor som i fjor, då 200 millionar kroner skulle gje over 300 nye helsesøstrer. Desse pengane forsvann andre stader og til slutt vart det berre 112 nye helsesøsterstillingar.

Òg den gongen åtvara Elevorganisasjonen og Unge funksjonshemmede om å ikkje stilla klare krav til kva pengane skulle brukast til.

– Når regjeringa endeleg forstår at døra til helsesøster må opne seg og at det må pengar til for at det skal skje, er det direkte tragisk at helseministeren ikkje vil øyremerke midlane, seier Hansen, som trur at det er frykta for meir byråkrati som står i vegen for øyremerkinga.

Det er nemleg dette argumentet helseminister Bent Høie (H) har brukt for å ikkje øyremerka midlane tidlegare.

– Elevorganisasjonen vil heller ha øyremerkte midlar og litt meir papirarbeid om det betyr at me får færre psykisk sjuke og færre tomme stolar i klasserommet. 20 prosent av born mellom 3 og 18 år har nedsett funksjon på grunn av symptom på psykiske lidingar. Ung Data-rapporten slår fast at me er ein generasjon som stressar oss sjuke. Kvar fjerde ungdom i den vidaregåande skulen føler seg einsam og nedstemt. Korleis kan ei helsesøster ta den vanskelige samtalen, når ho ikkje kan vere der for å avslutta han? spør Hansen.

Han viser til ei undersøking gjort av bladet Sykepleien – Tidsskrift for helsesøstrer. I 2013 svara 7 av 10 helsesøstrer at dei ikkje har stilt spørsmål, fordi dei ikkje har tid til å følgja opp svaret. Like mange svarte at dei ikkje hadde nok tid til å jobba førebyggjande.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Støttar seg til KrF og Venstre
Òg organisasjonen Unge funksjonshemmede fryktar at regjeringa gjer ein tabbe med å ikkje leggje føringar for korleis pengane skal verte brukt. Dei fryktar dei geografiske forskjellane i helsetilbodet til barn og unge vil auka.  

Styreleiar Camilla Lyngen set no si lit til at støttepartia tek opp kampen.

– KrF og Venstre har krevd øremerking i denne saka tidlegare. No må både Regjeringa og samarbeidspartia læra av tidlegare feil og ta økonomisk ansvar for ungdoms helse. At mange kommunar framleis kuttar i tilbodet, viser nettopp at øyremerking er naudsynt, seier Lyngen i ei pressemelding.

Og der er støtte å hente hjå ungdomspartia. På sine nettsider etterlyser KrFU ei tydelegare satsing på psykisk helse i statsbudsjettet.

Dei ynskjer ei kvalitetsnorm for skulehelsetenesta, som krev meir enn 200 millionar.  

– Det er utruleg viktig å satsa på tiltak som gjev ungdom ei god psykisk helse. Førebyggjande arbeid er essensielt i denne samanhengen. Skulen er ein naturleg stad å starte, sidan elevene tilbringar mykje tid på skulen. Regjeringa må få opp farta slik at alle elevar skal kunne gå til helsesøster når dei har behov for å snakka med nokon. Me må styrka heile skulehelsetenesta og få fleire yrkesgrupper inn i skulen, seier KrFU-leiar Emil André Erstad i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inn i skulen

Les meir om statsbudsjettet her!