Dei viktigaste klimasakene i statsbudsjettet
– Det finst ingen lettvindte løysingar, seier klimaministeren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei viktigaste klimasakene
Klimatiltaka i budsjettet vil stimulera til at framtidas arbeidsplassar kan skapast meiner klima- og miljøminister Tine Sundtoft.
– Klimapolitikken grip over fleire sektorar i samfunnet. Det finst ingen lettvinte løysingar, men summen av tiltaka i budsjettet peiker i retning av ei naudsynt omstilling, seier ho.
Her er dei viktigaste tiltaka i budsjettet:
Nye milliardar til klima- og energifondet. Regjeringa foreslår å løyve 14,25 milliardar kroner i nytt innskot i klima- og energifondet. Med det nye innskotet vil fondet vere på 67,75 milliardar kroner. Dette er ei overoppfylling av ambisjonen i klimaforliket med 17,75 milliardar kroner. Auka løyvingar vil stimulere til miljøvennleg energiomlegging og medverke til utvikling av ny energi- og klimateknologi i Noreg.
Enova får over 2,3 milliardar kroner i 2016. Regjeringa aukar overføringa til Enova med 88 millionar kroner frå 2015. Enova har blant anna ei satsing på å redusere klimagassutslepp i transportsektoren og støttar utvikling av ny energi- og klimateknologi, særleg i industrien. Regjeringa foreslår at støtte til enøk-tiltak i hushald kan utbetalast som ein del av skatteoppgjeret.
Meir til miljøteknologi i næringslivet. Næringslivet gjennomfører mykje miljøretta forsking og teknologiutvikling. Innovasjon Noregs miljøteknologiordning får ei auka løyving på 134,5 millionar kroner, til totalt 464,5 millionar kroner.
Oppfølging av biogasstrategien. Regjeringa foreslår å doble løyvinga til pilotordninga for biogassanlegg frå 10 millionar kroner til 20 millionar kroner for å følgje opp biogasstrategien. Satsinga på biogass vil kunne medverke til utsleppsreduksjonar i transportsektoren og til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.
Forsterke det grøne skiftet i skipsfarten. Regjeringa ønskjer reduserte utslepp og auka konkurransekraft i maritim næring gjennom ei ny satsing. Totalt 40 millionar kroner blir sett av til ei grøn fornying av nærskipsfartsflåten.
Redusert elavgift for store datasenter og skip i næringsverksemd. Regjeringa foreslår å innføre redusert sats i avgifta på elektrisk kraft for store datasenter og skip i næringsverksemd, frå 14,50 til 0,48 øre pr. kWh. Noreg har ein stor del rein fornybar kraftforsyning samanlikna med andre land. Redusert sats for skip i næringsverksemd er viktig for å stimulere til overgang til elektriske ferjer og auka bruk av straum frå land.
Satsar på forskingssentra for fornybar energi. Løyvinga til forskingssentra for miljøvennleg energi blir styrkt med 40 millionar kroner. Sentra har som føremål å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing.
Meir til vidareutvikling av CO2-handtering. Regjeringa foreslår å løyve 80 millionar kroner til vidare planlegging av fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 30 millionar kroner meir til forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi.
Satsar på utvikling av klimastatistikk for kommunane. Regjeringa ønskjer å setje kommunane betre i stand til å prioritere gode klimatiltak ved å løyve 6,4 millionar kroner til utvikling av ny statistikk for klimagassutslepp i kommunane.
Framleis høgt løyvingsnivå til jernbana. Regjeringa held oppe løyvinga til jernbane på omtrent det same historisk høge nivået som i 2015. Regjeringa vil redusere etterslepet av vedlikehald innan jernbane, og foreslår derfor å auke løyvingane til drift og vedlikehald av jernbana med nesten 1,4 milliardar kroner.
Auke til bymiljøavtaler. Bymiljøavtaler har som overordna mål å sikre at veksten i persontransport blir teken med kollektivtransport, sykkel og gange. Det blir forhandla med Oslo/Akershus og Trondheim om bymiljøavtaler. Regjeringa foreslår no å auke løyvinga frå 70 til 300 millionar kroner. Bymiljøavtalene må sjåast i samanheng med dagens premieringsordning for betre kollektivtransport, som vil inngå som del av bymiljøavtalene.
Auka løyving til Fornebubana. Regjeringa løyvde i 2015-budsjettet 25 millionar kroner som særskilt tilskot til Fornebubana. Tilskotet blir no auka med 75 millionar kroner.
Satsar på gang- og sykkelvegar. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til Statens vegvesen sine tiltak for gåande og syklande med 214 millionar kroner, til ei totalløyving på 600 millionar kroner.
Meir til klimatiltak i skog og myr. Regjeringa set i 2016-budsjettet av 33 millionar kroner under LMD til å starte opp tiltak for tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrkt skogplanteforedling. I tillegg føreslås løyvinga under KLD til restaurering av grøfta myr i og utanfor verneområde auka til 13 millionar i 2016, mens pilotordninga for skogplanting, som vart oppretta under KLD i 2015, er foreslått ført vidare med 15 millionar kroner.
Vidareføring av klima- og skogsatsinga. Regjeringa vidarefører klima- og skogsatsinga med tre milliardar kroner i 2016. Det blir lagt opp til at Noreg i 2016 finansierer reduserte utslepp frå tropisk skog på om lag 40 millionar tonn CO2.
Auke i kjøp av FN-godkjente klimakvotar. Regjeringa aukar omfanget av kjøp av FN-godkjende klimakvotar med 270 millionar kroner. Kvotekjøp under Den grøne utviklingsmekanismen utløyser investeringar i klimatiltak i utviklingsland og sørgjer for at Noreg kan innfri klimaforpliktinga si under Kyoto II.
Meir til flaum- og skredtiltak. Førebygging av flaum og skred er eit viktig klimatilpassingstiltak.Regjeringa aukar derfor løyvingane til flaum- og skredtiltak med 100 millionar kroner. I tillegg blir NVE sitt budsjett styrkt med 80 millionar kroner til opprydding etter flaumen på Vestlandet.