Noko av det beste med Hvite jenter kan ikke synge blues er det romanen ikkje handlar om.

– Du ser kanskje at eg høyrer på andre typar musikk enn blues, seier Johansen, og grip rundt dreadsa som stikk ut under capsen.

Vi sit i bakgarden på Asylet på Grønland. Her det nesten tomt denne fredagsføremiddagen, bortsett frå ein liten gjeng som allereie har fått hendene i ei pils.

Martine Johansen har nyleg debutert med romanen Hvite jenter kan ikke synge blues, der vi følgjer musikaren June igjennom familietrøbbel, kjærleiksforhold, reiser i Europa, og til brune pubar i Oslo.

LES OGSÅ: Om å reise seg etter ei krise

Starta med tittelen
Forteljinga om korleis boka vart til går om lag slik: Johansen kom på tittelen, og tykte det var artig med ideen om den kvite norske jenta som idealiserte dei gamle, svarte, omreisande bluesartistane. Familie og vener oppmoda henne til å skrive, og etter kvart vart tittelen til ei bok.

– Eg tykkjer det er artig med tankar som ein i eit sekund tenkjer er sanne, før ein innser at dei ikkje gir meining i det heile teke, seier ho.

På eit tidspunkt sendte ho ein epost til forfattaren Tom Egeland.

«Hver gang jeg leser en tekst av en debutant, leter jeg etter fingeravtrykket. Særpreget. Stemmen. Martine Johansen har alt dette – en stemme med særpreg, et språk fullt av fingeravtrykk. Et blikk. Evnen til å fange mennesker og følelser med ord».

Det skriv Egeland om boka. Den gongen eposten tikka inn i innboksen hennar, sat Johansen på ein nettkafé i Peru. Ho sprang jublande rundt i gatene, fortel ho, varma av orda frå forfattaren. Han hadde nemleg skrive at boka henner minna om kultromanen On The Road av Jack Kerouac, som vert rekna som ein av dei fremste beatromanane.

LES OGSÅ: Skeivt om skeiv litteratur

Problemfri skeivheit
Klassikaren frå Kerouac handlar om eit personleg søk etter meining og tilhøyrsle. Det handlar også Johansens debutroman om.

Det den ikkje handlar om, er at hovudpersonen er bifil eller at kvite jenter ikkje kan synge blues.

– Eit mål eg har hatt var at hovudkarakteren skulle vere bifil, utan at dette var eit problem. Ho har fleire forhold med personar av ulikt kjønn, men det er ikkje fokus. Slik problemfri skeivheit er uvanleg i litteratur, film og TV. Som regel handlar det om at nokon kjem ut av skapet, seier ho.

Då boka vart lansert under Notodden bluesfestival, hadde arrangørane ringt til bibliotek i tolv ulike land utan å finne litteratur om skeive karakterar, der legninga ikkje var i fokus.

– Det fanst ikkje. Eg visste at eg måtte skrive boka slik. Sjølvsagt kan det vere vanskeleg å komme ut, men det overdrivne fokuset på dette eine aspektet er platt. Ein kan også berre vere skeiv, utan at det er ei veldig stor greie, seier Johansen.

Så vert det litt paradoksalt å gjere det boka ikkje handlar om til fokus her. Vi tek oss likevel fridommen. Sjølv har Johansen tenkt å harselere vidare med dei evinnelege «coming-out»-historiene i det nystarta kulturtidsskriftet Melk, som vert lansert i januar.

Med Johansen som ein av to redaktørar, skal magasinet skal ha eiga spalte titulert «Not another coming out story». I tillegg skal redaksjonen grave fram kjende og ukjende aspekt ved skeiv kulturhistorie.

LES OGSÅ: – Du treng ikkje vere skeiv for å skeive

Nye generasjonar sitt Europa
Nok om det romanen ikkje handlar om. Ifølgje forlaget Vigmostad & Bjørke skildrar boka dei nye generasjonane sitt Europa.

– Reising er ein naturleg del av liva våre, på ein annan måte enn for tidlegare generasjonar. Det er ein måte å få nye impulsar på, men også ein måte å leggje ting bak seg, seier Johansen, og syner til korleis June reiser frå vanskelege familierelasjonar i boka.

Ho har sjølv reist mykje, også til Venezia, Paris og Amsterdam, som er byane hovudpersonen trekkjer mot i romanen.

– Mange amerikanske og britiske forfattarar reiste mykje, og skreiv frå eit outsiderperspektiv. I dag er reising så vanleg at ein ikkje nødvendigvis står utanfor sjølv om ein er tilreisande, meiner Johansen.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Om lesing og empati
Den ferske forfattaren er utdanna religionshistorikar og journalist. Tidlegare har ho spelt i band. No vil ho helst skrive, og tankane krinsar rundt ein oppfølgjarroman om bikarakteren Johanne frå Hvite jenter.

Johansen har også hatt skrivekurs for ungdom. Ho brenn nemleg for at kids skal lese meir.

– Kvifor?

– For det første fordi eg vil kunne leve av å skrive, ler ho:

– Eg vil at vi skal ha ei levande boknæring i Noreg. For det andre trur eg at om ein les mykje i staden for å eksempelvis spele dataspel, så trener ein seg opp i empati. Ein blir vant til å setje seg inn i situasjonen til andre menneske. I vårt kapitalistiske system er fokuset på suksess overveldande. Vi treng at folk tek seg tid til å vere empatiske og møter andre på ein god måte, elles ender vi opp med eit samfunn der alle er outsidarar, seier forfattaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE