Leigde verdsmeister for å klippe sauene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først på trykk i Bømlo-Nytt.

– Dette er eit arbeid me ville nytta eit par-tre veker på. Me sparer oss for mykje arbeid og tid ved å leige inn Sutton. Han klipte hos meg i fjor også, fortel bonde Magne Mæland.

Han seier han nok kjem til å halde fram med å leige inn hjelp til klippinga. Og det er ikkje kva for helst slags hjelp han har fått tak i.

I 2007 sette Rodney Sutton ein verdsrekord som har synt seg vanskeleg å slå. Då klipte han 721 sauer (strongwool) på ni timar. Han har også klipt 839 lam på ni timar, noko som er 27 bak verdsrekorden til landsmannen Dion King Mangapehi.

Konkurranseklipping
Det er likevel skilnad på konkurranseklipping og klipping som Sutton gjennomførte hos Magne Mæland i helga. I samband med konkurranseklipping blir sauene nøye valde ut på førehand og klargjorde for klipping. Til dømes blir det vurdert kor mykje ull kvar sau har. På den måten blir konkurransen mest mogeleg rettferdig.

LES OGSÅ: Vil ha snuoperasjon i tekstilbransjen

Sesongarbeid i Noreg
Nokre av dei beste saueklipparane i verda kan klippe tusenvis av sauer i løpet av ein sesong. Matt Smith, som også er frå New Zealand, fortel til dømes til Farmers Weekly at han på det meste har klipt 16.000 sauer på ein månad. Sutton klipte over 2.000 sauer i førre veke.

Då verdsrekordhaldaren kom til Nordre Mæland laurdag morgon hadde dei 353 sauene stått inne i fjøsen ei tid før klippinga tok til. Magne Mæland seier han har 20 vêrar i flokken sin.

Eitt minutt
Sutton jobbar for Fatland i sesongen frå august til november slik han har gjort sidan 2006. Han tek likevel også på seg oppdrag for andre når han først jobbar sesong her i Noreg, slik som på laurdag. Sutton starta arbeidsdagen på Mæland i 08-tida. Han var ferdig med å klippe rundt klokka 1730. Det vart nokre pausar under vegs.

Det tok Sutton om lag eitt minutt å klippe kvar sau. Mæland er likevel mest imponert over korleis Sutton held ut med dette tempoet ein heil arbeidsdag, og fleire dagar på rad.

LES OGSÅ: Norsk meister i saueklipping

Sjekk teknikken til verdsmeisteren her.