Ordførarar vil kjempe for festivalstøtte
Fleire ordførarar på stadar som risikerer å miste knutepunktstøtte, tar opp kampen mot kulturminister Thorhild Widvey (H).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit fleirtal av ordførarane på stadar som risikerer å miste knutepunktstøtta, er negative til forslaget frå regjeringa, melder NRK.
I Trondheim seier ordførar Rita Ottervik (Ap) at ho vil ta opp saka med dei andre partia.
– Dette er ei svært dårleg nyheit for Trondheim og Trøndelag. Vi er i gang med eit tverrpolitisk arbeide for å få sett dagsorden for knutepunktfestivalar og Olavsfestdagene, seier Ottervik.
LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit
Også Riddu Riddu-festivalen i Kåfjord står i fare for å miste støtta.
– Eg trur dette kan få konsekvensar for heile det samiske kulturlivet. Sametinget vil stille krav til ei sikkerheit for framtida til Riddu Riđđu, seier sametingspresident Aili Keskitalo.
Førre veke erfarte NRK at kulturministeren vil kutte i statsbudsjettet slik at 14 av 16 festivalar misser den øyremerkte statsstøtta. Planen er at berre Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Noreg i Harstad skal få vidareført knutepunktstøtta. (©NPK)
LES OGSÅ: Knutepunkt-støtte under lupa
Faktaboks
Desse får knutepunktstøtte i 2015.
Musikkfestivalar:
Festspillene i Bergen
Festspillene i Nord-Norge
Olavsfestdagene i Trondheim
Molde Internasjonale Jazz Festival
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Ultima, Oslo Contemporary Music Festival
Festspillene i Elverum
Notodden Blues Festival
Øyafestivalen
Stiftelsen Horisont/Mela
Riddu Riđđu Festivala
Norsk Countrytreff
Andre knutepunkt:
Nordnorsk kunstnersenter
Peer Gynt-stemnet
Kortfilmfestivalen i Grimstad
Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undsetdagene
Kjelde: NRK