Inviterer til strikkegudsteneste

Lys, varme og spøt blir det når Bømlo kyrkje opnar døra til kveldsgudsteneste midt i oktober.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

– Ideen kom for eit par år sidan, eigentleg, frå ein kollega av meg. Kunne ikkje ei strikkegudsteneste vera noko? sa han. Me snakka litt om det då, syntest begge at det var ein god idé. Sidan så har eg gått å smatta på dette i mitt stille, fram til eg kom til at dette måtte me prøva, seier sokneprest Roald Drønen.  

LES OGSÅ: Rekordmange melder seg ut av kyrkja

Sjeldan i kyrkja
Då soknepresten la det fram for kyrkjelyden i Langevåg, vart forslaget varmt motteke. Gudstenesteutvalet i kyrkjelyden likte idéen.

– Me har sjekka og googla om det er vanleg med strikkegudstenester. Det er det ikkje, så me er visst tidleg ute med dette. Etter det me fann ut, har det berre vore ei tidlegare, og den var i Silkeborg på Sør-Jylland i Danmark i sommar, fortel soknepresten.

Strikkegudstenesta blir ei kveldsgudsteneste, onsdag 14.oktober. Til strikkegudstenesta har Drønen, av det han kallar for strikkevener, blitt sponsa med strikkegarn i eit vell av ulike fargar, passande både til sokkar, luer, skjerf eller vottar.

– Me har også litt strikkepinnar, så dei som kjem på gudstenesta kan få både garn og strikkepinnar, men det kan vera lurt å ta med seg eigne pinnar og garn, for lageret er ikkje veldig stort. Og så er det viktig å få med at du treng slett ikkje strikka for å komma på kveldsgudstenesta vår. Alle er hjarteleg velkomne, altså!

LES OGSÅ: Strikking – ikkje berre for gamle damer

Lys og varme
Kyrkja opnar dørene ein time før gudstenestestart, slik at strikkinga kan komma godt i gang denne kvelden. Drønen fortel at han og kyrkjelyden har ein dugnadsbaktanke med strikkinga. Han vil gjerne at Kirkens Bymisjon i Haugesund kan bli støtta med varme sokkar, luer og vottar i kjølvatnet av gudstenesta.

Ein representant frå Kirkens Bymisjon i Haugesund vil også vera til stades, for å informera. Nett no går Kirkens Bymisjon sin årlege aksjon for varmare og lysare samfunn føre seg.

– Den kalde, mørke tida kjem, og det er mange i bylivet i Haugesund som kan trengja å få seg eit varmt strikkeplagg denne vinteren. Kirkens bymisjon gjer eit viktig arbeid, vel verdt å støtta, meiner Drønen.

LES OGSÅ: Med Paris på pinnane

Del av strikketradisjon

– At de skipar til ei strikkegudsteneste, har vel også med gamle tradisjonar innan foreiningslivet å gjera? Eg tenkjer på at strikkalubber og slikt har vore vanlege gevinstar på bedehusbasarar oppgjennom.

– Ja, strikking har vore ein veldig viktig del av dagleglivet på mange vis på våre kantar av landet. Det var viktig å vera arbeidsam. Sat konene i ro, gjekk strikkepinnane for det. Mange har gjennom åra strikka mykje til folk som har hatt det tungt og lidd naud rundt om, strikkaplagg har vore fine og gode presangar til familie, vener og kjende. Me kan også tenkja på alle strikkeplagga som norske sjøfolk har fått i presang når dei har måtta feira jul på sjøen vekke frå familien, så ja, ei slik lekkje er det heilt klart her, meiner soknepresten.

Håpar ingen blir støtt
Drønen vedgår at han lagar til denne gudsteneste med litt blanda kjensler. Han vonar verkeleg at ingen vil kjenna seg støtt av at det kjem ei strikkegudsteneste i kyrkja.

– Eg ynskjer å opna døra til kyrkja. Mange damer, for det er flest damer som strikkar, har til dømes med seg spøtet på weekendturar til Brandøy og liknande. Folk sit med spøtet på møte og seminar. Strikking er ein god og nyttig hobby. Det er til kos og glede for dei som driv på med det. Eg vonar difor at mange kjem på gudstenesta, og vil spesielt handarbeidsinteresserte og det lokale husflidslaget komma, er det berre fint. Denne kvelden blir det kveldsmat også, laga til av ei lokal gruppe kvinner som har teke på seg den oppgåva, framhevar Drønen.