Med Paris på pinnane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom 1935 og 1955 gjekk strikkeklede frå å vere kvardagsplagg til å bli high fashion. Dei siste bølgjene over motemoloen nådde norske husmødrer gjennom oppskriftshefta som følgde med vekeblada. Plutseleg kunne dei strikke seg til siste nytt, til elegante sløyfejumperar, ein herrepullover, eller kva med ei strikka badedrakt?

No, snart åtti år seinare, gir Silje Een de Amoriza (29) frå Voss og Ingrid Myrstad (28) frå Karmøy ut ei bok der vekebladoppskriftene på ny frir til norske strikkepinnar.

– Den gongen tok det ikkje lang tid frå noko var på moten i Paris til det var i vekeblada. Dei oppskriftene du finn i dagens blad er nok ganske langt frå catwalken. Strikkemoten har lenge vore stor og klumpete, vi ville tilbake til dei tette og kroppsnære plagga, seier Ingrid Myrstad.

LES OGSÅ: Strikkar gul midtstripe i rekordforsøk

Sette inn kontaktannonse
Dei to historikarane fann kvarandre over strikkepinnane i studietida. I innspurten av masteroppgåvene blei tre kvarter med skriving og eitt kvarter med strikking ei god gulrot.

– Vi var begge glade i å strikke lette, elegante plagg, men fann ikkje så mange slike oppskrifter. Då begynte vi å leite i gamle vekeblad og ideen til boka kom. Vi oppsøkte arkivet på Nasjonalbiblioteket og sette inn annonsar i avisene der vi etterlyste gamle strikkehefte, fortel Silje Een de Amoriza.

Fleire eldre damer tok kontakt og kom med oppskrifter frå gamle blad dei hadde liggjande. Forfattarane fekk dermed samla det dei sjølv sakna. Det neste målet var å gjere dei gamle oppskriftene tilgjengelege for den nye generasjonen strikkarar. Boka «Vintagestrikk» var ferdig i haust, og er i tillegg til rette og range masker også fylt med historia bak strikkebølgja.

– Vi er trass alt historikarar og likar å sette det inn i konteksten, flirer Myrstad og de Amoriza.

LES OGSÅ: – Artigare enn å strikke

Saka fortset under biletet.


T.v. Perlestrikk var populært på 40-talet. Oppskrifta til jumperen til høgre er henta frå eit strikkehefte i Kvinner og Klær (1941). FOTO: Camilla Holm Birkeland / Vintagestrikk 

Breiare over baken
Leitinga etter oppskrifter starta i blad frå 20-talet, men der var det lite å finne. Så eksploderte det plutseleg på midten av 30-talet. Då blomstra motestrikket opp, og strikkejakkene skulle ikkje lenger berre ha nytteverdi.

– Tidlegare var det ikkje sett akseptert for damer å gå i strikka plagg, men så trekkjer Chanel strikk inn i motebiletet og då blir det godt nok, fortel Ingrid Myrstad.

Saman strikka dei to forfattarane seg gjennom alle oppskriftene. Små tilpassingar måtte gjerast, for norske kroppar er ikkje som dei ein gong var.

– Sidan den gong er vi blitt litt tjukkare. I tillegg heng herrebuksene i dag mykje lengre ned på hoftene, så vi har gjort herrejakkene ein god del lengre enn kva dei opphavleg var, fortel Silje Een de Amoriza.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn

– Unik er siste skrik
Boka inneheld strikk til både barn og vaksne, alt frå «Lillemors lekreste» til «Grei herrejakke». At stadig fleire tek strikkepinnane i hendene, akkurat som i tida oppskriftene deira er henta frå, er forfattarane fornøgde med.

– I 1935 skreiv vekeblada at «en strikkeepedemi farer over landet», altså noko av det same som media skriv i dag, seier Ingrid Myrstad.

Medan dei fleste tidlegare måtte lage plagga sjølve for å skaffe seg noko moteriktig, er det i dag både enklare og billig å kjøpe seg til stil.

– Masseproduksjon og forbrukarsamfunnet gjer at ein kan kjøpe mange moteplagg. Men kanskje kan strikkinga i dag tilfredsstille eit anna behov: behovet for å skape noko unikt.


I boka Vintagestrikk tek Ingrid Myrstad og Silje Een de Amoriza ei strikkehistorisk tidsreise tilbake til den norske husmora sine glansdagar. FOTO: Camilla Holm Birkeland / Vintagestrikk

Faktaboks

  • • Boka «Vintagestrikk» er ei samling av 28 strikkeoppskrifter frå gamle vekeblad.
  • • Blada som markerte seg mest på strikkefronten var Kvinner og Klær (tidlegare Nordisk Mønster-Tidende), Norsk Ukeblad, Alle kvinners blad og Norsk Dameblad.
  • • Vekeblada baud på ei praktisk tilnærming til motestoffet og bygde dermed bru frå husmoridealet til moteverda.

Kjelde: «Vintagestrikk»