Rekordmange melder seg ut av kyrkja

2015 blir rekordår for talet på utmeldingar frå Den norske kyrkja. Allereie har over 11.000 personar meldt seg ut, skriv Vårt Land.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange melder seg ut

Den tidlegare rekorden stammar frå då abortstriden var på sitt heftigaste, i 1978. Då melde 11.755 personar seg ut av kyrkja, men det talet ser ut til å bli overgått i år.

– Til no i år har over 11.000 personar meldt seg ut. Det teiknar til at 2015 blir eit rekordår for utmeldingar, seier Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet til Vårt Land.

LES OGSÅ: Homovigsel i kyrkja tidlegast 2018

Han peiker på to hovudårsaker til at så mange vel å melde seg ut av kyrkja: Kyrkjevalet og den nye applikasjonen utmelding.no.

– Mykje må nok hektast på kyrkjevalet. Det ser ein frå tidlegare år i Noreg, og slik er det for eksempel i Sverige. Der melder om lag 40.000 seg ut i eit vanleg år, mens 70.000 vil ut i eit valår, seier Bekkelund.

Samtidig som utmeldingane aukar, gjer innmeldingane det same. Førebelse tal antydar at 2015 blir eit toppår også når det gjeld kyrkjeinnmeldingar. Bekkelund trur talet i år landar på rundt 2000, mens normalen er 1.000-1.500 innmeldingar i året.

I fjor melde 11.003 personar seg ut av Den norske kyrkja, mens 1.047 melde seg inn. (©NPK)