Litt over halvparten av nynorskelevane held fram med nynorsk gjennom vidaregåande skule.

mm
Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. 93 prosent av nynorskelevane i vidaregåande skule bur på Vestlandet
2. 54 prosent av vidaregåande-elevane på Vestlandet i 2015 brukte bokmål
3. Stord vidaregåande skule har flest nynorskelevar av alle vidaregåande skular
4. Kring 1950 tok om lag 500 elevar examen artium på nynorsk
5. I 2015 tok 3200 vidaregåande-elevar eksamen i studieførebuande fag på nynorsk

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format

LES FAKTALUKK FAKTA

«I absolutte tal var det både fleire nynorsk- og bokmålselevar, men våren 2015 brukte 6,4 prosent av elevane nynorsk ved eksamen i vg3, mot 7,4 prosent fem år før,» skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

I 20 år har han arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. Det heile er samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda».

Kvar dag i 20 dagar vert eit nytt kapittel publisert på nettsidene til Aasentunet. I dag kan du læra meir om nynorsk i den vidaregåande skulen.

LES OGSÅ: Einaste nynorskelevane i Oslo: – Fordel å skriva nynorsk

Stabil nynorsk – aukande bokmål
Kvart år tek om lag 3200 nynorskelevar og 44.000 bokmålselevar eksamen i den vidaregåande skulen.

Grepstad fann at talet på nynorskelevar var stabilt lågt, medan talet på bokmålselevar var høgt og aukande. Berre i åra 2009–2015 fekk Akershus og Oslo 4.000 fleire elevar som tok eksamen på studieførebuande program.          

Der var nynorskelevar ved vidaregåande skular i alle fylka i skuleåret 2014/15. Fleire stader er der nedgang. Nynorsknedgangen var størst i Oppland, Buskerud og Telemark. Men i Sogn og Fjordane utgjorde derimot nynorskelevane ein endå større del av alle elevane i vidaregåande skule enn fem år tidlegare.

LES OGSÅ: Nynorskelevar presterer betre

Tal på nynorsk- og bokmålselevar i vidaregåande skule frå 1911-2015:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE